Hopp til innhold

Bli med på ein togtur til sju milliardar

PORSGRUNN/LARVIK (NRK): Du sparar 20 minutt på den nye togstrekninga mellom Porsgrunn og Larvik. Sjå heile togturen her.

Med nytt dobbeltspor og ein toppfart på 250 kilometer i timen er togreisa mellom Porsgrunn og Larvik nokså annleis enn da jernbanen snirkla seg i rasfarleg terreng langs Farris.

Og med ei halvert reisetid er kaffien til tidlegare ordførar i Porsgrunn, Øystein Beyer, framleis varm når han går av toget i Larvik.

– Nå gler eg meg til neste trasé. Eg blir nesten som eit barn, seier ein begeistra Beyer når returtoget kjem inn på stasjonen.

Det var Beyer som sat i ordførarstolen i 2011 da det vart vedteke å investere sju milliardar over statsbudsjettet i den såkalla Eidangerparsellen.

– Tverrpolitisk har vi jobba så mykje for å få til dette, og nå er det ferdig. Det er berre å gratulere oss alle i Grenland og Telemark.

– Antiklimaks å koma fram så fort

Førre gong det kom ny jernbane til Porsgrunn var i 1882. For nåverande ordførar i Porsgrunn, Robin Kåss, er dette difor ein festdag av det sjeldne slaget. Han stod opp grytidleg for å vera med det fyrste rutetoget som starta i Skien 04.07.

– Det var ei utruleg kjensle. Det var fullt av folk på perrongen. Nokre skulle ut og reise medan andre berre var nysgjerrige og hadde teke med seg barna for å sjå.

Kåss fortel at det nesten var eit antiklimaks å koma fram til Larvik fordi turen gjekk så fort. Reisetida mellom Porsgrunn og Larvik skal etter kvart ned til 11 minutt. Før omlegginga tok den same turen over 30 minutt.

Dette knyter Skien, Porsgrunn og Larvik tettare saman, dei blir nesten som bydelar i eit felles byområde

Robin Kåss
Robin Kåss på opninga av Eidangerparsellen

NORSKE FLAGG: Det var stor jubel på den første ruteavgangen på den nye Vestfoldbanen. Ordførar Robin Kåss (Ap) gjekk på toget i Porsgrunn kvart over fire.

Foto: Nina Schage / NSB

NAV kritiske til pendlartilbodet

Førre veke gjekk NAV ut og kritiserte rutetilbodet for dei som reiser til Grenland. Det vil nemleg vera framme åtte tog i Tønsberg før klokka åtte om morgonen, men ingen i Porsgrunn og Skien. NAV-direktør i Telemark, Terje Tønnessen, meiner det er avgjerande for arbeidsmarknaden i regionen at det er eit likeverdig tilbod båe vegar.

– Det er øydeleggjande om NSB berre prioriterer gunstige pendlaravgangar til Vestfold og ikkje motsett, seier Tønnessen.

Jernbaneverket seier løysinga ikkje er optimal, og at dei satsar på å betre tilbodet frå desember neste år.

Terje Tønnessen

KRITISK: NAV-direktør i Telemark Terje Tønnessen håpar togtilbodet blir like bra både til og frå Grenland.

Foto: Rolf-Christian Hatling / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark