Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Billegbuss er attraktivt reporter Gisle Espeland
- Kommune: Skien
- Kommune: Bamble
- Kommune: Porsgrunn
Metro - det nye busstilbodet frå Telemark kollektivtrafikk er blitt godt mottatt i Grenland i juli.
Auken i passasjertalet er på ti prosent frå i fjor.
Nøgd med passasjertala
Men reduserte billettprisar gjer at busselskapet må ha ein enda større auke utover hausten for å kunne vidareføre tilbodet.
Likevel er dagleg leiar Merete Andersen nøgd så langt.
- Dette er vi veldig nøgde med. Vi har satsa høgt og har auka produksjonen med reduserte prisar. Så vi er nøgde med ein ti prosent vekst sjølv om det ikkje er nok, seier Andersen.
Flest vaksne passasjerar
Telemark Kollektivtrafikk starta forsøket 27. juni, og selskapet sa den gongen at dei trengte 15 prosent vekst for at dette skal gå i balanse.
- Det er litt igjen til vi går i balanse. Vi må jobbe hardt for at denne ti prosenten held seg ut over året.Og vi skal gjere enno meir for at fleire skal reise kollektivt, seier Andersen.
Veksten har i første rekkje kome blant vaksne fullt betalande passasjerar.