NRK Meny
  • Bratsbergbana framleis stengt

    Bratsbergbana er framleis stengt etter snøfallet. Bane NOR jobbar på spreng med å rydde tre og få opna linja. Strekninga Nordagutu–Skien er stengt, medan Hjuksebø–Notodden er open for trafikk.

    Bratsbergbana
    Foto: BANE NOR
  • Kald helg i vente

    Laster Twitter-innhold
  • Delte meiningar om Hjuksebø

    I dag skal formannskapet i Sauherad avgjera om dei vil tillate at Hjuksebø blir ein del av Notodden. Telen skriv at utfallet er heilt opent. Sauherad kjem til å tapa rundt 18 millionar kroner i inntekter frå staten dersom Hjuksebø blir skilt ut.

  • Tre personar sikta for korrupsjon

    Ein tidlegare byggesakshandsamar i Vinje og Larvik kommunar og ein hytteutviklar på Rauland er sikta for grov korrupsjon. Fleire personar har status som mistenkte. Politiadvokat Gunnstein Bjørgum reknar med at saka er ferdig etterforska i løpet av første halvår i år.