NRK Meny

Best i Nord-Europa

Petter Stordalen frå Porsgrunn er kåra til det mest lysande forretningshovudet i Nord-Europa. Det er Nordic Business Forum som står bak kåringa.Der står det blant anna at Stordalen representerer ein generasjon av entreprenørar som både tenker stort og som veit at samfunnsansvar og suksess heng saman.

Petter Stordalen
Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix
  • Stopp i Nome utan førarkort

    Ein mann i slutten av 20-åra er stoppa av politiet på Fensvegen i Nome. Det er mistanke om køyring i påverka tilstand, og utan ikkje førarkort. Det er tatt blodprøve.

  • Vogntog slit med å kome opp

    Politiet melder at eit utanlandsk vogntog slit med å kome opp bakkane på riksveg 41 mellom Kviteseid og Vrådal. Kort tid etterpå melder politiet at bilen kom seg opp bakkane.

  • Notodden slo Bærum

    Notodden fotballklubb fekk besøk av Bærum i årets tredje treningskamp. Det enda med 4–1 siger til Notodden. Felipe Ferreira, Martin Brekke og André Bakke skåra måla for NFK.

  • Skadd i alpinbakken på Gautefall

    Ein dansk turist er fløyet til Ullevål sjukehus med luftambulanse etter å ha falt i alpinanlegget på Gautefall. – Eg kan ikkje seie noko om skadeomfanget til mannen, seier vaktleiar Jørn Kristensen i Drangedal Røde Kors til Varden.