SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Desse pengane treng selskapet for å kjøpe Goasholtmyra avfallsanlegg på Notodden av Notodden kommune.
Avfallsselskapet IRMAT vil ha lånegarantiar.
Notodden kommune åleine er beden om å garantere for 13 millionar kroner, og styreleiar Joar Sættem i IRMAT innrømmer at dette ikkje er risikofritt.
- Når det gjeld renevasjon så er det ei oppgåve som kommunane. Og vår oppgåve er å finne den rimelegaste måten å gjere det på, seier Sættem.
Notodden kommune har tidlegare avgjort at Goasholtmyra avfallsanlegg utanfor sentrum skal selgast til avfallsanlegget IRMAT sjølv.
Skal dekke kjøpet
Pengane frå salet skal blant anna gå til å betale opprustinga av Storgata på Notodden.
IRMAT er eigd av Notodden, Bø, Sauherad og Hjartdal kommunar og det var ein føresetnad at kjøpet skulle skje med vanleg bankfinansiering med pant i anlegget, men dette godtok ikkje bankane.
- Dei er nok litt forsiktige med tanke på den fallande marknaden vi har akkurat no for avfallsdeponi. Derfor er dei forsiktige med å gå inn i avfallsdeponi, seier Sættem.
Ordførar Bjarne Bakken på Notodden.
Dei 25 millionar kronene i lån skal dekkje kjøpet på over 18 millionar kroner, omkostningar, finansiering av eit biogassanlegg, og i tillegg til eit venta EU-krav om renseanlegg for sigevayn.
Ordførar Bjarne Bakken i Notodden trur kommunestyret vil seie ja til å garantere for 13 av disse millionane.
- Eg trur dette er ei sak vi bør ha ei positiv haldning til. Dersom det skulle bli nei, treng ikkje dei andre eigarkommunane ta stilling til saka, for då har vi blokkert saka, seier Bakken.