Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Telemark Museum får pengegåve reporter Johs Apold
- Kommune: Skien
Museumsdirektør Vibeke Mohr seier at pengane kjem godt med.
- Vi er utruleg glade for pengane, seier ho.
Museet skal bruke pengane til ein kjempestor hatt i låven på Venstøp. Der skal dei lage eit multimediaprogram om Ibsen for ungdom.
Vibeke Mohr er glad for pengegåva. Foto: NRK
Lagar multimediautstilling
Det er Sparebankstiftinga til DnB NOR som tek på seg spanderbuksene i høve 100 års markeringa for Ibsen sin bortgang.
Regionbanksjef Trond Haukvik seier at det ikkje er knytt vilkår til gåva på 280.000 kroner, og at banken ikkje gjer krav på motytingar.
- Dette er ei rein gåve som skal bidra til å gjere utstillinga på Venstøp betre, seier han.