Med ein madrass på golvet og namnet på arbeidsgivaren notert på ein V6 kupong, utfører mannen oppussing av restauranten, Cafe Radio.
Seniorinspektør Gunn Berit Gjevestad i Arbeidstilsynet fekk sjokk, då ho kom på tilsynsbesøk i går.
Synet som møtte ho, og forholda ho avdekka er det verste ho har opplevd.
Blant malingspann og murpuss bor og arbeider den litauiske arbeideren på Café Radio i Skien. Foto: Lars Tore Endresen, NRK
Jobba ti timar om dagen
Seniorinspektør Gunn Berit Gjevestad, skildrar dei uverdige arbeidsforholda for ein litauisk mann på Cafe Radio i Skien sentrum slik.
Mannen jobba ti timar kvar dag og hadde ingen form for arbeidsavtale. Inspektørane fann fleire brot på arbeidsmiljølova.
- Han må overnatte på ei madrass i eit lokale som er under oppussing blant murpuss og maling. Der må han også lage mat, seier Gjevestad.
Og dersom arbeidsgivaren var nøgd med det arbeidet som var gjort så skulle han få 2000 kroner.
Sterkt merka av arbeidsforholda
- Arbeidstakaren var sterkt merka av forholda han levde under. Når vi spurde kven som var arbeidsgivar så tok han opp ein V6 kupong med eit namn og telefonnummer på, seier Gjevestad.
Det er Larviksfirmaet, Johanssons MTS, som har ansvaret for arbeidet som blir gjort på Café Radio.
Sjølve etter fleire forsøk har det ikkje lukkast NRK å få tak i firmaet Johanssons MTS.
Firmaet har frist til fredag 16. september klokka 15:00 med å rydde opp i arbeidsforholda.
Seniorinspektør Gunn Berit Gjevestad (t.v.) og inspektør Lars Ole Thunold i Arbeidstilsynet fekk sjokk, då ho kom på tilsynsbesøk i går. Foto: Stine Hansen, NRK
Arbeidstilsynet er opprørt over arbeidsforholda ved Cafe Radio. Foto: Stine Hansen, NRK