SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Frå i dag skal det vere røykfritt på alle serveringsstader i landet. Etter at den nye røykelova trådte i kraft frå midnatt.
Biletegalleri frå Porsgrunn Bingo
Dagleg leiar Kirsti Holme ved Porsgrunn Bingo har nå slutta med serveringa. No håpar ho at gjestene skal få fortsette å røyke.
Dagleg leiar ved Porsgrunn Bingo har slutta å servere mat. Foto: Styrk Fjærtoft Trondsen
Ikkje lov med mat og røyk
- Vi har kutta ut all mat. For vi får ikkje lov får ikkje lov å servere mat og røyke på bingoen samstundes, seier Holme.
Ho fortel at kundane får kjøpe ein kopp kaffi eller vatn, dersom dei vil ha det.
- Kaffien må dei betale for. Men prisen er til sjølvkost, seier Holme.
Holme vil ikkje gå med på at dette er serving, fordi det er friviljug å om kundane vil ha kaffi.