Hopp til innhold

– Vil styrke nærpolitiet

Stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen frå Arbeiderpartiet meiner stortingsmeldinga om terrorberedskap vil gjere nærpolitiet til sjølv grunnlaget for beredskapen vår.

Sigvald Oppebøen Hansen

Sigvald Oppebøen Hansen er stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet i Telemark og medlem av Justiskomiteen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Regjeringa la i dag fram stortingsmeldinga om terrorberedskap. Sigvald Oppebøen Hansen er medlem av Justiskomiteen på Stortinget og skal vere med på å behandle stortingsmeldinga.

Han er glad for at stortingsmeldinga legg opp til å styrke politiets utrykningseiningar i distrikta og styrke nærpolitiet.

– Fleire politifolk skal øve meir på skarpe oppdrag og talet på politifolk som deltek i lokale utrykningseiningar blir auka frå 800 til 1200, seier Oppebøen Hansen i ei pressemelding.

Får tilgang til IT-system

Det skal også bli høve til å utdanne fleire politifolk til å delta i lokale uttrykningseiningar.

– Ved å utdanne fleire politifolk til å delta i lokale uttrykningseiningar, styrkar vi politiet si evne til å handtere store hendingar over heile landet, seier Oppebøen Hansen.

Han meiner det også er viktig at politibilane får nettbrett med direkte tilgang til politiets IT-system.

– Det er eit stort skritt i rett retning at fleire oppgåver kan løysast ute i felten. Målet er eit politiet der effektiv bruk av IKT-verktøy er ein integrert del av arbeidsmetodane, seier Oppebøen Hansen.

Meir til beredskapstiltak

Sigvald Oppebøen Hansen meiner stortingsmeldinga følgjer opp Gjørv-kommisjonens rapport etter 22. juli.

Regjeringa foreslår å auke statsbudsjettet med 109 millionar kroner til nye beredskapstiltak, i tillegg til 1,5 milliardar kroner som alt er løyvd i justisdepartementet til oppfølging av terroren etter 22. juli.

– Eg er fornøgd med regjeringa si stortingsmelding om terrorberedskap som blei lagt fram i dag, seier Oppebøen Hansen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark