Hopp til innhold

– Må få lov til å bu på do

Det meiner varaordførar i Porsgrunn Erik Bystrøm (H). Han har ansvar for tiggarcampen utanfor Porsgrunn. Alternativet er å ligge i bilane, det er ikkje betre i kulda, hevdar Bystrøm.

Tiggar bur på do

Det er trass alt betre å liggje inne i ein konteinar enn ute i ein kald bil, seier Porsgrunns varaordførar, Erik Bystrøm.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Varaordførar Erik Bystrøm går rundt og ser på søppel, plastteltet tiggarane brukar som kjøkken, og sanitærbrakka der tiggarane overnattar. Bystrøm spør tiggaren, som bokstavleg tala blir "tatt på senga" inne på herretoalettet, om kor mange som bur inne i brakka.

– Tre personar bur her, forklarer rumenske Emil.

Erik Bystrøm (H)

Det er vondt å sjå, seier varaordførar i Porsgrunn Erik Bystrøm (H).

Foto: Jonas Rydén / NRK
Pissoairet fungerer som "nattbord"

Pissoaret fungerer som «nattbord».

Foto: Anne Lognvik / NRK
Provisorisk kjøkken i plasttelt

På dette svært provisoriske kjøkkenet steller dei mat og et.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Han snakkar italiensk, men det språket kan ikkje politikaren eller journalisten. Ved hjelp av fingerspråk og nokre engelske or, får han fortalt at dei er frå Romania, og at dei ligg inne på doane i sanitærbrakka som Grenlandskommunane har sett opp.

Det blei satt opp ei brakke med sanitæranlegg på stedet i høst. Pengar til dette kjem frå nabokommunane Skien og Porsgrunn samt 300.000 kroner frå Staten. Den gruslagte plassen ligg like ved E18 mellom Larvik og Porsgrunn.

Plassen er eit tilbod til tiggarar av romfolket som oppheld seg i Grenland i periodar.

Les og:

Ikkje lov å overnatte inne på doane

I utgangspunktet er leiren etablert som ein offentleg parkeringsplass med sanitæranlegg. Inne i den blå konteinaren er det toalett og vaskeservantar.

Det har vore mykje debatt omkring tiggarcampen.

– Dette er regulert til offentleg parkeringsplass. Det er ikkje det er, det kan alle sjå, seier grunneigar Wenche Lanner.

Naboar og grunneigarar har protestert mot etableringa av tiggarcampen på Lanner, men klagene er avviste både av kommunane og fylkesmannen.

Det er ikkje lov å overnatte inne på doane, men varaordføraren i Porsgrunn vil ikkje gjera noko med dette no. Heile ordninga med tiggarcampen skal evaluerast i løpet av eit par månader.

– Viss me ikkje får klager, gjer me ikkje noko før evalueringa er klar, seier Bystrøm. Det er trass alt betre å liggje inne i konteinaren enn ute i ein kald bil, legg han til.

Tiggarar overnattar på do i Porsgrunn sjølv om det ikkje er lovleg. Varaordførar Erik Bystrøm i Porsgrunn seier det er greit for han. Det er betre å overnatte på di enn i kalde bilar no i kulda.

SJÅ VIDEO: Slik bur dei. (Foto/reporter: Jonas Rydén/Hilde Martine Lindgren)