Hopp til innhold

Overnattar på do i tiggercampen

Slik ser det ut på det offentlege toalettet på tiggarcampen på Lanner utanfor Porsgrunn. Toalettbygget blir bruka til overnatting. – Det var dette me var redde for, seier nabo.

Tiggarcamp på Lanner

Liten tvil om at dette er ein soveplass. Men fasilitetane på tiggercampen er langt frå luksuriøse.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Dette er regulert til offentleg parkeringsplass. Det er ikkje det er, det kan alle sjå, seier grunneigar Wenche Lanner.

Naboar og grunneigarar har protestert mot etableringa av tiggarcampen på Lanner, men klagene er avviste både av kommunane og fylkesmannen.

Toalett på tiggarkampen på Lanner utanfor Porsgrunn

Wenche Lanner vurderer me å gå til sivilombodsmannen med saka. Ho meiner tiggercampen akkurat slik dei var redde for.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Vil be sivilombodsmannen om hjelp

– No vurderer me å gå til sivilombodsmannen med saka, seier Lanner.

– Det har gått akkurat slik me var redde for. Dette er ikkje ein offentleg parkeringsplass, dette er ein tiggarcamp der folk overnattar.

Ho syner oss toalettcontainerane der det ligg mange madrassar, og heilt tydeleg er folk som overnattar.

Se video:

Tiggarar overnattar i sanitærbrakker

Uverdige forhold

– Men ingen kan vel misunne folk ei slik overnatting, spør NRK.

Nei, det er eg heilt einig i, men det er ikkje tilrettelagt for det. Då får dei heller finne eit hus for dei, seier Lanner.

Det er mykje søppel på området, og eit fleirtal av toaletta er fylt opp med madrassar og klede.

Vil ikkje ha overnatting på toaletta

– Me vil ikkje ha overnatting på toaletta, seier varaordførar i Skien Geir Arild Tønnesen. Han leiar den felleskommunale gruppa som har hovudansvaret for tiggarcampen på Lanner.

Tiggarcamp på Lanner

Vanskeleg å kome til dette toalettet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Han legg til at Porsgrunn kommune har tatt på seg ansvaret for å halde orden både ute og inne. Det er kontroll kvar einaste veke, og det skal ikkje vera søppel.

– Me hadde møte sist veke i gruppa som styrer med tiggarcampen, og då fekk me ikkje tilbakemelding om at noko ikkje var som det skulle.

– Var de der ute?

– Nei, svarar Tønnesen.

Han fortel at dei har fått melding om ei vaskemaskin som stod ute ved toalettcontaineren.

– Viss ikkje den er fjerne, så skal det bli gjort avsluttar han. Klesvaskmaskina er visstnok ei gåve frå snille menneskje for at romfolket på Lanner skal ha noko å vaske klede i.

Tiggarcamp på Lanner

Fleire vaskemaskiner står ved containeren.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark