Mannen reiste ut i båt for å fiske i går, og blei meldt sakna av familien i dag tidleg.
Operasjonsleiar Torbjørn Tangen ved Telemark Politidistrikt.
Operasjonsleiar Torbjørn Tangen ved Telemark politidistrikt seier at det blei sett i gang leiteaksjon, og at båten mannen reiste ut for å fiske i er funnen.
Leitemannskapet leitar framleis etter den 55 år gamle mannen frå Grenland ved Osterøy i Kragerøskjærgården.
Båten er funnen
Båten til 55 åringen blei funnen av leitemannskapet ved Nordre Osterøy i Kragerøskjærgården.
Mannen var på ei hytte ved Jomfruland saman med kona si, og dro fredag kveld ut åleine for å fiske. Då han ikkje kom tilbake varsla kona poitiet, og det blei sett i gang leiteaksjon.
Laurdag morgon blei båten funnen.
Ombord i båten var hunden til 55-åringen og fiskeutstyret til mannen.
Det blir nå leita med eit Sea King redningshelikopter frå Rygge, og mannskap frå Telemark Raude Kross i båtar