Ingen skadd i utforkøyring
Politiet er nå framme ved ulykkesstaden på Valebøvegen. Det var to personar i bilen som køyrde i fjellveggen, men det skal ikkje vere personskadar. Bilen står utanfor vegbanen, melder politiet. Ein brannbil som rykka ut hamna også i fjellveggen.