Hopp til innhold

Leiteaksjon på Notodden

Ei dame i 50-åra gjekk i natt frå Notodden legevakt utan sko og med lite klede. Fleire patruljar og Røde Kors var ute og leita. Kvinna vart funne eit par timar seinare i Notodden sentrum. Ho var sterkt nedkjølt og vart frakta til Notodden sjukehus.