Politiet etterlyser gjerningsperson
Politiet har i dag avhøyrd vitne etter valdshandlinga ved Kjørbekkhøgda skule i Skien i helga. Politiet går også gjennom bilete frå eit videokamera i området, opplyser politiadvokat Julie Sandvik. Sandvik ber no om opplysningar om ein mogeleg gjerningsmann på 16–17 år. Personen skal vere ca. 170 cm høg, vere kledd i ei mørk jakke og ha halvlangt lyst hår.