Vellukka brannøving
Det vart i dag gjennomført ei brannøving ved Søve vidaregåande skule. Brannøvinga simulerte brann i eit fjøs, der røykdykkarar måtte få ut folk og dyr frå bygningen. Brannvesen, politi og ambulanse deltok i øvinga. Det gjorde også elevar ved skulen.