Moské vil arbeide aktivt mot homofobi
Moskeen Islamic Cultural Centre i Oslo vil jobbe aktivt mot homofobi, skriv Aftenposten.
– Respekten for menneske og likeverd er svært sentral i islam, seier imam Mohammad Saleemullah Alvi til avisa.
Han seier dei må innsjå at det finst skeive muslimar og skeive i samfunnet, og at dei skal bli behandla med toleranse og respekt.