Du grøne, glitrande tre god dag!
Eller ♫Thou Green and Glittering Tree, Good Day♫ som britane syng – og det er jo dit treet er på veg.
Kvart år sidan 1947 har Oslo nemleg gitt eit juletre i gåve til London, som takk for hjelpa under andre verdskrig.
Grana er 20 meter høg og 1200 kilo tung. Og nei, den er ikkje brunt i toppen! Den har berre masse, masse kongler.
Foto: Zhilwan Manbari / NRKDen 20 meter høge grana har stått i Grefsenkleiva i omkring 60 år, men no er det felt.
– I tillegg til å vere ein takk for hjelpa under andre verdskrig, er det eit symbol på vennskap, håp, og det å stå saman i mørke tider, seier Lindboe.
«Her er treet!» seier Oslos ordførar Anne Lindboe til Lord Mayor of Westminster, Robert Rigby.
Foto: Zhilwan Manbari / NRK– Oh, it's wonderful!
Det seier Robert Rigby, Lord Mayor of Westminster, på erkebritisk engelsk.
– Det er ei fantastisk gåve frå dykk til oss. Tusen takk! Det er ein kjempefin tradisjon, og eg er æra over å få vere her.






– Det blir sikkert øydelagt
– Det er veldig fint og stort! Også er det gøy at ordføraren er her, seier Ingeborg Aavatsmark Berg.
Ho er ein av elevane frå Disen skule som har teke turen for å sjå på at treet felles, drikke gløgg, ete mat og synge julesongar.
Ti år gamle Ingeborg Aavatsmark Berg, Gustav Freang Groven og Emrik Gustav Kolshus Bager syns treet er skikkeleg fint – nettopp «som eit enormt juletre».
Foto: Zhilwan Manbari / NRKKlassekameraten hennar, Emrik Gustav Kolshus Bager, syns òg treet ser skikkeleg fint ut.
– Men det blir sikkert øydelagt når det skal heile vegen til London, trur han.
Nissen er ikkje berre på låven! Ein haug med nisse-born frå skuler og barnehagar i Oslo song julesangar både på engelsk og norsk.
Nærmare 200 personar møtte opp på Grefsenkleiva for å sjå julegrana bli felt.
Eit nytt, lite tre blir planta på Grefsenkleiva. Kanskje blir den 20 meter høg om 60 år og.
Og det kan hende Emrik har rett. Det er nemleg ikkje alltid frakta har gått like bra.
– Eg har høyrd mamma og pappa seie at det alltid ser stygt ut etter reisa! Lurar på om det skjer i år og, spør Gustav Freang Groven.
Midt på treet
Sjølv om mange seier denne grana er kjempeflott no, har den ikkje alltid vore britanes «cup of tea».
Nokre av trea Noreg har sendt har nemleg vore midt på treet.
Dei har tidlegare år blant anna blitt omtalt som «ein halv agurk med ljos på», og fjor spurte den britiske avisa Daily Mail om kvar den andre halvdelen var blitt av.
Ein kan nesten seie at å spøke med treet har blitt ein tradisjon i seg sjølv.
Foto: Skjermdump fra Twitter Foto: Skjermdump fra Twitter Foto: Skjermdump fra Twitter Foto: Skjermdump fra Twitter
Likevel meiner Lindboe at ein ikkje skal sjå skogen for berre trær.
– Det er eit kjærleikstre! Det kjem frå norsk skog og ser ikkje perfekt ut. Det er ikkje eit Disney-tre, seier Lindboe., seier ho med eit smil.
Kva synest du om at Oslo gir juletre i gåve til London?🎄
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– I fjor gjekk det eit rykte om at vi skulle slutte å sende tre fordi britane klaga så mykje. Då fekk eg mange førespurnader frå heile verda om at «åh, dykk må ikkje slutte! Dette treet betyr så utruleg mykje, dykk må ta det som eit kompliment at vi klagar, for det betyr at vi bryr oss».
Ho får støtte av Lord Mayor of Westminster – han forsikrar om at 99 prosent av alle i England likar treet.
Grana skal fraktast i ei krybbe til London.
Foto: Zhilwan Manbari / NRK