3,4 millionar til felles reinseanlegg i Asker
Miljødirektoratet har gitt 3,4 millionar til utgreiing av det som kan bli Noregs største nitrogenreinseanlegg.
Reinseanlegget skal vere felles for fleire kommunar langs Oslofjorden, og byggast på Tofte i Hurum.
I dag har Oslo, Asker og Bærum eit felles reinseanlegg.
Målet med eit nytt anlegg er å stoppe skadeleg nitrogenutslepp.
I tillegg meiner Veas-sjef Kjetil Wang-Hansen at det vil vere mykje pengar å spare på å bygge eitt felles, framfor at kvar kommune har sitt eige.