Hopp til innhold

Vil ha Solskjær som Noregs neste trenar – peikar på Haaland-detalj

Ståle Solbakken er ærleg om at VM-kvaliken mest sannsynleg blir hans siste. Ole Gunnar Solskjær seglar opp som den mest openberre arvtakaren, meiner ekspertar.

Solskjær

HEIT KANDIDAT: Ole Gunnar Solskjær blir nemnd som ein openberr kandidat for Noreg-jobben.

Foto: OLI SCARFF / AFP

Solbakken la nemleg korta på bordet under pressekonferansen måndag:

Enten Noreg kjem til VM eller ikkje, er han nok ferdig som landslagssjef når kontrakten hans går ut neste sommar.

– Eg har sagt heile tida at eg tar den kvaliken her nå, og så trur eg det er svært sannsynleg at eg gjer noko anna etter det uansett. Om vi går dit eller ikkje, sa Solbakken på pressekonferansen.

– Rett og slett jobben deira

NRK-ekspert Kristoffer Løkberg er klar på at Noregs Fotballforbund bør ha ein klar plan på kva som blir vegen vidare nå.

Han trur dei allereie nå sonderer trenarmarknaden etter aktuelle Solbakken-erstattarar.

– Det forventar eg at dei gjer kontinuerleg. Mykje kan skje fort i fotball, Ståle nemner jo sjølv at han allereie har fått fleire tilbod, så det kan ikkje komme som julekvelden på kjerringa at ein trenar forsvinn. Nå har dei fått ein tydeleg beskjed i god tid. Eg forventar at NFF, om ikkje dei er i dialog med dei ennå, følger med på kva trenarar som kan vere aktuelle og kva trenarar som har kontraktar som er på veg ut. Det er rett og slett jobben deira, seier Løkberg.

Champions League - Group F - Atalanta v Manchester United

PAUSE FRÅ TRENARYRKET: Ole Gunnar Solskjær har ikkje vore i fotballtrenarjobb sidan han forlét Manchester United. Her med Cristiano Ronaldo.

Foto: ALBERTO LINGRIA / Reuters

Verken NFF-president Lise Klaveness eller toppfotballsjef Siri Nordby har svart på NRKs førespurnader om intervju etter Solbakken-nyheita måndag.

Ber forbundet ringe Solskjær

Men både Kristoffer Løkberg og Åge Hareide, NRK-ekspert og Island-trenar, er tydelege på kven som er favoritt til å overta etter Solbakken.

Begge svarer det same namnet:

Ole Gunnar Solskjær.

– Det kan vere lurt å ta ein prat med Ole Gunnar. Eg trur han hadde vore ein ideell erstattar for Ståle med den erfaringa han har opparbeidd seg, seier Hareide.

– Akkurat nå trur eg Solskjær er den som står øvst på lista, med den erfaringa han har. Eg synest også han viste fram ei evne i Manchester United til å få fram det beste i enkeltkampar som på papiret såg veldig tøff ut, seier Løkberg.

Han trekker fram Solskjærs skalpar mot blant anna PSG og Manchester City som eksempel.

– Han har den respekten og pondusen som skal til for å få med seg ei spelargruppe på den vegen han ønsker, legg han til.

Kven bør erstatta Solbakken som Noreg-trenar?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Har sett han rundt omkring

Ole Gunnar Solskjær har ikkje jobba som trenar sidan han fekk sparken i Manchester United i november 2021. Han har den siste tida jobba som blant anna analytikar for Uefa under EM og Meisterligaen.

– Er det ikkje skummelt å gi jobben til ein trenar som har vore borte frå trenaryrket så lenge?

– Jo, det kan ein seie, men samtidig reknar eg med at han ikkje har sete i Kristiansund og sett i veggen. Eg har sett han rundt omkring på fleire store kampar i Europa, han følger med og er oppdatert. Han har også ei erfaring som få andre norske trenarar kan vise til, seier Løkberg.

Åge Hareide

VIL HA SOLSKJÆR: Åge Hareide meiner Ole Gunnar Solskjær skil seg ut over aktuelle Noreg-kandidatar.

Foto: NRK

Ein stor fordel for Solskjær vil truleg vere den gode relasjonen hans til Erling Braut Haaland. Dei to jobba saman i Molde og har fleire gonger fullrosa kvarandre i pressa.

– Ein sånn «connection» er ofte veldig positiv for evna til å få det beste ut av spelarane dine. Litt som med Åge Hareide i Danmark, han hadde ein tydeleg «connection» til Christian Eriksen og fekk skreddarsydd ei rolle til han som løfta det danske landslaget. At Ole Gunnar og Haaland har jobba saman før, er veldig positivt, meiner Løkberg.

– Stor fordel

Hareide er einig med Løkberg i at Solskjær vil få respekt frå dei mest sentrale Noreg-spelarane med ein gong.

Han har vore spelar på landslaget. Han har vore i Manchester United, i Cardiff, i klubbar i utlandet som gjer at han er godt kvalifisert. I tillegg har han leidd Molde til seriegull her heime. Han kjenner også ein del sentrale spelarar i dette laget, og det trur eg kan vere ein stor fordel, seier Hareide.

– Viss han skulle få tilbodet, er det realistisk at Solskjær seier ja?

– Det veit eg faktisk ikkje. Det er nok avhengig av kva som skjer fram til VM, i fotball skjer ting veldig fort. Viss han er ledig, er det ein mann forbundet bør kunne snakke med ganske fort, seier Hareide.

Les også Tok bronse etter revolusjonerende grep: – Det er natt og dag

Helle Sofie Sagøy

Sjølv om Solbakken i stor grad varslar sin exit sjølv, trur Kristoffer Løkberg at NFF får eit dilemma viss hausten blir ein resultatmessig nedtur for Solbakken og Noreg.

På spørsmål om NFF bør la Solbakken få leie laget i VM-kvaliken i 2025 same korleis hausten blir, svarer han:

– Da kanskje NFF tenker at, sidan Solbakken er ferdig etter VM-kvaliken uansett, bør vi allereie nå tenke på at det kjem eit EM i 2028 som vi har enda større høve til å kvalifisere oss til. Bør ein annan få starte på prosjektet sitt allereie i VM-kvaliken? Men eg er 99 prosent sikker på at Solbakken leier Noreg gjennom heile VM-kvaliken same korleis det går i Nasjonsligaen.

Pressekonferanse med landslagssjef Ståle Solbakken

GÅR MOT SLUTTEN: Ståle Solbakken innrømmer at han truleg er ferdig som landslagstrenar same korleis vegen mot VM blir.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– For få kampar

Solbakken sjølv seier han trivst godt med dagens Noreg-tropp, men at trenarhjartet hans ofte kjenner på eit sakn etter meir trykk i kvardagen.

– Det er jo altfor få kampar. Dei sju–åtte månadene nå har vore eit mareritt, sa Solbakken, vel vitande om at sist teljande kamp for Noreg kom borte mot Skottland i november 2023.

Den nåverande avtalen til landslagssjefen strekker seg ut 2025 og blir forlengt automatisk dersom landslaget når playoff våren 2026. Viss Noreg kvalifiserer seg til VM 2026, blir kontraktstida forlengd til etter meisterskapen.

Solbakken seier han ikkje har gått i dialog med nokon når det gjeld andre jobbar, sjølv om det ikkje har stått på tilboda. Han går ikkje inn på detaljar, bortsett frå at han hevdar det har komme tilbod frå topp fem-ligaer – og at han har fått tilbod frå Saudi-Arabia, men at det ikkje var noko han vurderte.

– Der brukte eg ikkje så lang tid. Eg hadde vel sete litt i glashus viss eg hadde gått dit etter Qatar, seier landslagssjefen.

Fotballpresidenten: – Ikkje tida for å snakke

I ei tekstmelding til NRK måndag kveld, kommenterer fotballpresident Lise Klaveness utspelet frå Solbakken slik:

– Dette er definitivt ikkje tida for å snakke om arbeidet med ny norsk landslagssjef. All vår energi er nå retta mot her og no, og å legge best mogleg til rette for at Ståle og spelarane skal lykkast i kampane som kjem til hausten og neste år.

Noreg møter Kasakhstan borte på fredag, før Austerrike kjem på besøk til Ullevaal måndag kveld.

Siste nytt

  • Korsbåndsskade for Román Haug

    Liverpool FC melder at angrepsspiller Sophie Román Haug har pådratt seg en korsbåndsskade i cupkampen mot Durham, torsdag.

    26-åringen er ute på ubestemt tid, og er følgelig uaktuell for Norges oppgjør mot Japan i neste uke.

    – Det er en tung smell for oss, sier trener Gareth Tayor for Liverpool FC Women i en oppdatering på klubbens hjemmesider.

    Norges Fotballforbund melder samtidig at også Tuva Hansen (ankel) og Celin Bizet Dønnum går glipp av landskampen den 28. oktober.

    Sophie Román Haug
    Foto: Marius Simensen / Bildbyrån
  • Vellykket operasjon for Holger Rune: – Jeg skal jobbe hardt hver dag

    Tennisspilleren Holger Rune ble tirsdag operert for sin avrevne hælsene. Operasjonen ble gjennomført i København og betegnes som vellykket.

    Det er for tidlig å si noe om hvor lang tid det vil ta før han kan være tilbake på banen.

    – Jeg kommer til å jobbe hardt hver dag, sier Rune i en pressemelding.

    – Det har vært noen veldig tøffe dager, og jeg har vært veldig, veldig lei mei. Nå er jeg glad for at operasjonen gikk bra, og jeg skal komme meg gjennom dette. Jeg vet at det kreves tålmodighet, men jeg skal gi alt jeg har for å komme sterkt tilbake.

    Runes hælsene røk i semifinalen mot Ugo Humbert i Stockholm lørdag. Han ledet kampen da han ble skadet.

    Casper Ruud vant turneringen med overlegen seier mot Humbert i finalen.

    Rune takker for all støtte han har mottatt.

    – Det har kommet så ufattelig mange fine beskjeder og hilsener fra fans over hele verden og fra familie, venner og kolleger. Det varmer veldig i en vanskelig tid. Den kjærligheten betyr mye, sier Holger Rune.

    Tennisspiller
    Foto: AP
  • Filip Ingebrigtsen klar for mesterskap i København

    Filip Ingebrigtsen er i Norges tropp til nordisk mesterskap i terrengløp i København 9. november.

    Han er en av fire utøvere Norges Friidrettsforbund sender til seniorklassen på herresiden. Orienteringsprofilen Kasper Fosser skal også delta.

    Terrengløpet er på 7,5 kilometer.

    Uttaket, menn senior: Kasper Fosser (Heming), Mathias Flak (Steinkjer), Andreas Fjeld Halvorsen (Ullensaker/Kisa), Filip Mangen Ingebrigtsen (Sandnes)

    Kvinner senior: Selma Løchen Engdahl (Orion), Hanne Andersen Maridal (Strindheim), Madelene Wanvik Holum (Vidar), Mari Roligheten Ruud (BUL)

    Menn junior (4,5 km): Ludvik Almli-Solheim (Løken), Ulrik Jåvoll Hagen (Brandbu), Åsmund Sunde Førde (Jølster), Lukas Buncic (Ullensaker/Kisa)

    Kvinner junior (4,5 km): Andrea Nygård Vie (Norna-Salhus), Venus Abraham Teffera (Ullensaker/Kisa), Vilde Sofie Torvund (Fri), Sara Yasman Abid (Tjalve). (NTB)

    en gruppe menn som løper
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal