– Det er mange frå ulike miljø i norsk friidrett som oppfordrar meg til å søkja på stillinga, seier Odd-Ivar Nyheim.
– Men?
– Hadde eg vore ein god del år yngre ville avgjerda vore lettare, ler 56-åringen.
Sidan april i fjor har Norges Friidrettsforbund vore på jakt etter ein ny sportssjef, men dei har enno ikkje funne nokon til å ta over etter Ronny Nilsen.
– Eg har ikkje aktivt gått ut og marknadsført meg som ein kandidat, men hadde eg vore heilt uinteressert ville eg stoppa prosessen.
Har kandidat klar til sommeren
Hekkeløpar Isabelle Pedersen er klar på kven ho meiner er rett mann for jobben.
– Eg er veldig glad i Odd-Ivar. Han har gjort ein fantastisk jobb for friidrettsforbundet før, og er ein utruleg dyktig person. Han er dyktig på kommunikasjon, og ein klar leiartype. Han passar perfekt i rolla som sportssjef, seier Pedersen.
– Prosessen går sin gang. Me har engasjert eit rekrutteringsfirma fordi det er tidkrevande og omfattande arbeid. Målet er å ha ein person klar fram til sommaren, seier friidrettspresident, Tore Hordnes.
– Er Odd-Ivar Nyheim ein aktuell person?
– Det kan eg ikkje kommentera. Eg veit godt kven det er. Odd-Ivar Nyheim er ikkje ein ukjend person, ler friidrettspresidenten.
Ein prestisjejobb
NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal trur presset på ein ny sjef ikkje er særlig høgt.
– Det er ein einaste stor moglegheit, seier den olympiske meisteren på 800 meter frå 1996.
– Det er ein prestisjejobb og ein utruleg spennande sportsleg stilling.
Nyheim føler seg trygg på å meistre ein slik jobb, og veit at det krevst mykje.
– Eg har blitt kontakta av forbundet. I dialogen har eg sagt kva eg forventar frå stillinga og kva kvalitetar eg syns den nye sportssjefen må ha for å utvikle norsk friidrett.