Hopp til innhold

Hovland kan bli tribunesitjande

Onsdag måtte Molde-midtstoppar Even Hovland kaste inn handkledet mot Basel. I verste fall kan Sogningen blir tribunesitjande utover hausten.

Vaimen Even Hovland og Molde-manager Ole Gunnar Solskjær.

Even Hovland kan vere alvorleg kneskadd etter kampen mot Basel onsdag. Molde-legane vil finne svar i løpet av dei komande dagane. Ole Gunnar Solskjær fortel at Knut Olav Rindarøy og Magnus Wolff Eikrem har det bra, sjølv om dei òg måtte ut mot Basel.

Foto: Øystein Fossum

Det var etter ein duell med Basel-spelar Marco Streller det small. Hovland tok seg til det venstre kneet.

– Eg sette foten i bakken, og så small det berre. Eg kjente at noko var feil, men det gav seg litt og eg ville prøve igjen, seier Even Hovland til Romsdals Budstikke i dag fredag.

Etter eit tappert forsøk i to minutt måtte Sogningen bytast ut.

– Eg måtte dessverre kaste inn handkledet. Ein vil ikkje av banen i slike kampar.

Kampen mot Basel, returoppgjeret i tredje kvalifiseringsrunde til Champions League, enda i nederlag. Magne Hoseth bomma på straffe i sluttminutta, og draumen om Champions League forsvann.

Even Hovland og Ulrik Flo

Even Hovland er ikkje kjent for å unngå duellar. Her i duell mot Sogndal-spiss Ulrik Flo – kne mot kne.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Rindarøy og Wolff Eikrem er klar

Molde imponerte derimot over to kampar mot sveitsiske Basel, men måtte til slutt gi tapt. I løpet av 90 minutt i Basel måtte tre spelarar av banen.

Hovland måtte ut med knetrøbbel, Knut Olav Rindarøy måtte av banen med ein dårleg ankel. Magnus Wolff Eikrem gjekk ut midtvegs i andre omgang.

– Kneet har fått seg ein kraftig trøkk. Eg veit ikkje så mykje meir før eg får sjekka det nærmare, sa Hovland til Budstikka i går.

Hovland skal sjekkast vidare i løpet av dei nærmaste dagane. For Rindarøy og Wolff Eikrem gjekk det betre

– Ankelen til Knut Olav ser det ut til å gå bra med. Magnus og resten av spelarane var nok mest slitne, seier Ole Gunnar Solskjær.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL