Hopp til innhold

«Hårete mål» etter fødselen: – Høyrer ikkje mykje om dei det ikkje går bra med

September starta med fødsel for Amalie Iuel. I 2024 er OL det store målet – viss kroppen speler på lag.

Amalie Iuel

AUGNAR PARIS: Amalie Iuel har OL i Paris som det store målet sitt i 2024.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Det blir spennande å sjå korleis kroppen er etter eit langt svangerskap, fødsel og alt det, seier Iuel til NRK.

– Eg har sett at det har gått bra med folk tidlegare som prøver å komme tilbake, men ein høyrer ikkje så mykje om dei som det ikkje går bra med.

Torsdag var ho til stades på Olympiatoppens Paris-samling på Fornebu, snautt ti månader før OL-starten i den franske hovudstaden neste år.

1. september vart ho og den tidlegare alpinstjerna Aksel Lund Svindal foreldre for første gong, då sonen Storm kom til verda.

– Livet er veldig er bra. Vi storkoser oss som den vesle familien vi er. Det har rett og slett vore fire veldig fine veker, seier Iuel om perioden etter fødselen.

Svindal Iuel

STJERNEPAR: Aksel Lund Svindal og Amalie Iuel, her frå Idrettsgallaen i januar 2022. – Aksel er veldig flink. Eg trur han synest det er skikkeleg koseleg, seier Iuel om familielivet.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Eit veldig hårete mål

29-åringen har i fleire år vore blant dei største norske friidrettsprofilane og har mellom anna OL-deltaking frå både 2016 og 2021, fire VM-deltakingar og ein femte- og sjetteplass som best i EM på 400 meter hekk.

No er spørsmålet om ho kan rekke OL og EM i 2024.

– Eg har sett eit veldig hårete mål for meg sjølv om å prøve å rekke OL. Det er det store neste året, men det hadde vore fint å ta EM i same slengen, seier ho.

Medan OL startar 26. juli, blir EM arrangert i Roma frå 7. til 12. juni.

– No er det litt før OL neste år, så det spørst om kroppen rekk å bli klar. Men eg skal i alle fall gjere alt eg kan for å komme tilbake til det.

Amalie Iuel

OL-SAMLING: Fotografering var blant punkta på dagsordenen på Fornebu torsdag.

Foto: Heiko Junge / NTB

Tok Iuels rekord: – Gler meg til å følgje med

Sportssjef i Noregs Friidrettsforbund, Erlend Slokvik, har full tru på Iuels moglegheiter for å komme tilbake på øvste nivå.

– Eg har erfaring frå både orientering og skiskyting med utøvarar som har fødd barn og komme tilbake og til og med vorte verdsmeistrar året etterpå, seier han, og held fram:

– Ho har veldig bra treningsmotivasjon og er i eit veldig bra miljø. Det har vi absolutt trua på.

Iuel hadde før sesongen den norske rekorden på 400 meter med 51,64, ein rekord som Henriette Jæger forbetra tre gonger i løpet av sesongen til 51,03.

– Det blir veldig bra å ha Amalie tilbake. Eg kjenner at eg gler meg til å følgje med på henne. Ho klarer det meste, så eg er veldig spent, seier Jæger.

Les også Norsk 13-åring med O2-bragd – tek av på Instagram

Per August Halle Haugen

Får ikkje vere med på trening

Iuel er ein del av treningsgruppa med mellom anna Karsten Warholm, leia av trenar Leif Olav Alnes.

Førebels får ho ikkje vere med på gruppetreningane.

– Leif Olav er ganske streng på at eg ikkje får komme tilbake før eg er 100 prosent, for han vil prøve å unngå eventuelle tilbakeslag. Vi har jo inga tid å miste no som det er så kort tid til OL, så han vil heller vente litt lenger og dryge treninga og vente på at kroppen er 100 prosent før ein set i gang igjen, forklarer ho.

Iuel Warholm

TRENAR SAMAN: Amalie Iuel og Karsten Warholm har vore ein del av same treningsgruppe i fleire år.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Korleis trur du dei neste månadene blir og kva er det som må klaffe for at du skal komme tilbake til OL og eventuelt EM?

– Eg trur det aller viktigaste er å få kontinuitet i treninga. Ikkje få nokre tilbakeslag med skadar eller sjukdom. Kroppen har vore gjennom ganske mykje med eit svangerskap og fødsel. Eg startar på ein måte på null i treninga, seier ho.

– Sjølv om eg har halde det ganske ved like i svangerskapet, så har det vore ei stund no utan trening. Eg trur berre det handlar om å ikkje starte for tidleg, samanfattar Iuel.

Siste nytt

  • Bunnsolide Arsenal tok tilbake tabelltoppen – slo byrival uten Ødegaard

    Lørdag kveld fikk Fulham besøk av serieleder og byrival Arsenal.

    I London-derbyet var det Arsenal som var sterkest. Leandro Trossard sørget for kampens eneste mål etter timen spilt.

    Belgierens avgjørende scoring kom etter et hjørnespark.

    Arsenal fortsetter å være bunnsolide defensivt. Så langt i Premier League-sesongen har de kun sluppet inn tre mål på åtte kamper.

    Seieren sendte London-klubben tilbake på toppen av tabellen i den engelske toppdivisjonen.

    De ligger tre poeng foran Manchester City, som gikk forbi Arsenal etter 2-0-seieren over Everton tidligere lørdag.

    Martin Ødegaard var ikke med for serielederne. Han er ute i en god stund fremover grunnet en leddbåndsskade han pådro seg mot West Ham.

    Arsenal-trener Mikel Arteta har tidligere uttalt at Ødegaard kan være uaktuell til etter den kommende landslagspausen i november.

    en mann i sportsuniform
    Foto: Andrew Boyers / Reuters / NTB
  • Skadesmell for Brann da de knuste Haugesund

    Etter 24 minutters spill mellom Brann og Haugesund ble Brann-spiller Niklas Castro (29) liggende mens han holdt seg til baksiden av låret.

    Etter litt behandling måtte kantspilleren byttes ut.

    – Det er blytungt for Brann, sa TV 2-ekspert Jesper Mathisen, som kommenterte kampen.

    Til tross for skaden på en viktig spiller fikk ikke Brann det særlig tøft mot Haugesund.

    To mål fra Bård Finne og to fra Eggert Aron Gudmundsson sørget for 4–0-ledelse til hjemmelaget.

    Fem minutter før full tid fikk Haugesund et trøstemål signert Sory Diarra.

    Brann vant 4–1 og er fortsatt med i gullkampen i Eliteserien.

    Det er i hvert fall gode muligheter for det, skal vi tro Branns egne hjemmesupportere, som sang «Gullet skal hem» i andre omgang.

    en person som ligger på bakken med en person midt i seg
    Foto: Paul S. Amundsen / NTB
  • Verstappen vant sprintløpet i Austin – tok innpå i VM-racet etter McLaren-krasj

    Max Verstappen vant sprintløpet i USAs Grand Prix i Austin og tok innpå McLaren-duoen som fører an i kampen om VM-tittelen.

    Lagkameratene Lando Norris og VM-leder Oscar Piastri kolliderte i starten og røk ut av løpet. Dermed tok Red Bull-fører Verstappen inn åtte poeng på begge to.

    George Russell i Mercedes ble nummer to, Carlos Sainz i Williams nummer tre og Lewis Hamilton i Ferrari nummer fire.

    Verstappen var ganske nylig håpløst distansert i VM-kampen, men han har tatt kraftig innpå og er nå bare 55 poeng bak ledende Piastri. Det gjenstår seks VM-runder, og spenningen lever for fullt.

    Verstappen har vunnet VM sammenlagt de fire siste årene.

    Lørdag kveld er det kvalifisering til hovedløpet i Austin, der det er 25 poeng til vinneren. (NTB)

    en racerbil på en bane
    Foto: Eric Gay / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal