Vålerenga har hatt ein forferdeleg start på årets sesong, men mot Brann såg det lyst ut då Mohammed Abdellaoue sende bortelaget i føringa etter 20 minutt.
Så scora Brann både rett før kvilen, rett etter pausen og to i sluttminutta. Vålerenga måtte med det gå av bana utan poeng, for tiande gong i år.
– Vi var gode fram til dei scora 1–1 målet, og så vart vi feige. Så gjer vi dei same feila som vi har gjort gong på gong i år. Alvoret må gå opp for alle, seier Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal til TV 2 etter kampen.
- Les også:
«Moa» øydela for rekord
Brann hadde heldt nullen i seks heimekampar på rad etter returen til eliteserien, og hadde dei unngått baklengs i 76 minutt mot Vålerenga, hadde dei slått Rosenborgs rekord frå 1967.
Slik gjekk det ikkje, for det tok berre 20 minutt før Mohammed Abdellaoue kunne jubla over å bli den første spelaren som scora mot Brann i Bergen i år. Målet kom etter eit fint Vålerenga-angrep, der Robert Lundström vart spelt fri på kanten. Han la inn og der var «Moa» på rett plass til rett tid.
– Det ser ikkje bra ut. 4–1 i Bergen er tøft for Vålerenga, seier NRKs fotballekspert, Karl Petter Løken.
Snudde kampen
Men fem minutt før pause svarte heimelaget. Deyver Vega kom seg fri på kant og fekk lagt inn i feltet, ballen hamna på hovudet til Jakob Orlov, men keeper redda. På returen dukka Kristoffer Barmen opp, med eit lite elegant brassespark som enda i mål. Laga gjekk til pause på stillinga 1–1.
Etter kvilen fauk Brann ut av startblokkane, og Vega spelte fri Barmen aleine med keeper, men avslutninga vart for svak.
Etter 52 minutt var Vega frampå igjen, og denne gongen gjorde han alt sjølv. Han skar innover frå høgre, utan at nokon pressa han. Så lada han kanonen, men fekk eit elendig treff.
Skotet hadde gått rett i klypene på keeper, men så varta VIF-stoppar Simon Larsen opp med ei hockeystyring, som styrte skotet elegant til side for eigen keeper. 2–1 til heimelaget.
3–1 kom etter ein fantastisk soloprestasjon for Ruben Kristiansen, som Steffen Lie Skålevik styrte i mål. Fem minutt før slutt fastsette Erik Huseklepp sluttresultatet til 4–1, då han var iskald aleine gjennom med keeper.
– Det var fantastisk, utover i kampen spelte vi bra fotball og det var veldig viktig å underhalde fansen med nokre mål, seier Erik Huseklepp til TV 2 etter kampen.
Brann har fått kritikk for å spela kjedeleg fotball denne sesongen, og hadde berre scora seks mål på heimebane før dagens kamp.