Brann har heldt nullen i seks heimekampar på rad etter returen til eliteserien, og er 76 minutt frå å slo Rosenborgs rekord frå 1967. Branns neste heimekamp er etter EM-pausen, mot Vålerenga 9. juli.
– Det er moro det. Det kan ikkje bli betre og vi har jobba hardt med forsvarsspelet. Vi tenkjer ikkje på rekorden, og må ta det kamp for kamp, seier Brann-back Amin Nouri.
Seks heimekampar på rad utan baklengsmål er klubbrekord for Brann.
Innbytaren avgjorde
Etter eit gjesp av ein første omgang gjorde Brann-trenar Lars Arne Nilsen to bytte i pausen. Ein av dei som kom inn var Steffen Lie Skålevik, som brukte fem minutt på å sende raudtrøyene i leiinga.
Amin Nouri fekk ballen på høgrekanten og slo ballen lågt inn i feltet. Først på ballen var Haugesund-keeper Helge Sandvik, men på returen dukka Skålevik opp og sette inn 1–0 til heimelaget.
– Det var utruleg herleg. Eg dukkar ofte opp når laget treng det, seier ein smørblid matchvinnar Skålevik til TV 2.
Det er andre gong i år at Skålevik vert matchvinnar på Brann Stadion i ein 1–0 siger.
Mot slutten av andre omgang pressa gjestane på og skapte fleire halvsjansar etter hjørnespark, men Brann-forsvaret rydda unna alt som kom deira veg.
– Det var eit skuffande resultat, eg syns vi var det beste laget, seier Haugesund-trenar Mark Dempsey til NRK.