Tyrkia var nederlagsdømt etter to tap i EM.
Dei var eitt av laga som hadde skuffa ekspertane aller mest til nå i meisterskapet.
Det var før kampen mot Tsjekkia.
Det vesle håpet om å kvalifisere seg blant dei fire beste trear-laga tente gnisten og den store arbeidslysten hos tyrkarane.
Syndebukk blei helt
Ikkje minst hos syndebukken frå opningskampen mot Kroatia.
Du hugsar kanskje han som var oppteken av å fikse sveisen medan Luka Modric fekk stå for seg sjølv og fyre laus eit av EMs aller finaste mål?
I dag kom han i eit litt betre ljos.
Etter 65 minutt får Ozan Tufan til slutt ballen etter frispark og brukar alle kreftene på å smelle ballen inn i krysset. Det målet kan vere akkurat det målet Tyrkia treng for å karre seg vidare på treartabellen.
Det var iallfall det målet som gjorde at dei rykka forbi Albania på den same tabellen og nå berre har Nord-Irland og Slovakia framfor seg, før dei siste gruppene blir ferdigspelt i morgon.
Dei fire beste laga på trear-tabellen går vidare til åttendelsfinalane. Nord-Irland og Slovakia har alt sikra seg to av dei fire plassane.
Dersom verken Sverige (mot Belgia) eller Irland (mot Italia) vinn i gruppe E onsdag, er Tyrkia klar for åttedelsfinale. Også i gruppe F er det mogleg at trearen ender bak Tyrkia.
Tsjekkia kunne ta andreplassen
Det var Burak Yilmaz som starta det heile etter berre 10 minutt. Emre Mor fekk ballen etter ein sterk kontring på Tyrkias høgreside. Mor slår eit presist innlegg og finn den store spisstjerna som endeleg finn vegen til målet.
Det var kinaproffens 21. landslagsmål, og det åttande på dei 11 siste kampane.
Tsjekkia kom også til fleire sjansar og spelet bylgja fram og tilbake. Tsjekkarane ville trua andreplassen til Kroatia med siger i kveld, men dei raude var ikkje effektive nok framfor mål trass fleire store sjansar.
Tyrkia var klart best og tek ein svært fortent siger.