I dag publiserte TMZ.com ein video som raskt blei den store sportssaka i USA.
Videoen viser running-backen Ray Rice, som slår kona bevisstlaus i ein heis på eit hotell i Atlantic City.
Sjå videoen her (ekstern lenke).
Fekk fansen til å rase
Mishandlinga skjedde 15. februar i år - før paret var gift.
Running-backen unngjekk rettssak, og av NFLs disiplinærkomité fekk Rice bare to kampars karantene.
I dag fekk folket sjå episoden med eigne auger, og raseriet spreidde seg raskt på sosiale medier.
Sparka i Ravens
Kort tid etter meldte fleire amerikanske medier at Rice hadde fått sparken av klubben.
I kveld gjekk Baltimore Ravens ut og bekrefta ryktene. Rice får ikkje nokon ny sjanse i klubben, som vann Super Bowl i 2012.
NFL vil ikkje vere noko dårlegare.
Straks etter sparkinga kom meldinga at Rice er utestengt frå ligaen på ubestemt tid. Stjerna får ikkje nokon ny sjanse i ligaen med det første.
Det hvite hus kommenterte videoen
Talsmann for NFL, Greg Aiello, seier også at disiplinærkomiteen ikkje såg videoen før i dag.
– Vi gjekk ut og ba om all informasjon som kunne hjelpe oss i etterforskinga av saka. Denne videoen fekk vi aldri sjå. Ingen av oss har sett den før i dag, fortel Aiello.
Også president Barack Obama og Det hvite hus har kommentert videoen.
– Presidenten er far til to døtre. Som enhver amerikaner mener han at vold i nære relasjoner er avskyelig og uakseptabelt i et sivilisert samfunn, sa blant annet pressesekretær Josh Earnest ved Det hvite hus i en pressemelding, ifølge USA Today.