Hopp til innhold

Ut mot behandlinga av Maguire: – Frykteleg at det kan skje

Det er få fotballspelarar som får meir hets enn Harry Maguire (29). No har dei tidlegare lagkameratane hans Ashley Young og Kristoffer Løkberg fått nok.

RdekDW9MxOE

FÅR GJENNOMGÅ: Harry Maguire har fått oppleve baksida av medaljen etter ei rekkje svake prestasjonar.

Foto: Abbie Parr / AP

Sjølv om Manchester United-stopparen har levert gode prestasjonar for England i VM så langt, har ikkje dei nedverdigande kommentarane stoppa av den grunn.

Nyleg vekte det oppsikt då den ghanesiske politikaren Issac Adongo i parlamentet brukte Maguire for å få fram eit poeng.

Adango stempla Ghanas visepresident Mahamudu Bawumia som ein «økonomisk Maguire» for å illustrere at Bawumia hadde byrja å miste det gamle nivået sitt.

Etter Tysklands VM-exit nytta den tidlegare nederlandske storspelaren Rafael van der Vaart sjansen til å snakke ned Maguire då han skulle analysere kampen for nederlandske NOS.

– Niklas Süle er ikkje verdsklasse. Han er «den tyske Maguire», sa van der Vaart.

Tidlegare Manchester United- og England-spelar Ashley Young har for lengst late seg irritere av behandlinga den storvaksne stopparen støtt og stadig får.

– På grensa til mobbing

Før VM gjekk Young ut og påpeika at det er uunngåeleg å få kritikk og misnøye frå supporterar når du er kaptein for ein av dei største klubbane i verda, slik Maguire er for Manchester United.

Men han slår fast at éin stad går grensa.

– Kritikken han får har gått for langt. Han kan spele bra for England, men blir likevel bua ut. Han kan spele bra for United, og han blir likevel bua ut. Det er på grensa til mobbing, meiner Young.

Men han er ein sterk karakter og kan takle det, legg han til.

I ei undersøking gjort av The Alan Turing Institute, gjeve att av BBC, kjem det fram at det berre er Cristiano Ronaldo som blir meir utskjelt enn Maguire på Twitter av alle Premier League-spelarane.

Dei gjekk gjennom 2,3 millionar twittermeldingar frå august 2021 til januar 2022, og fann over 60.000 meldingar som kan skildrast som støytande.

Av desse var nesten 9000 meldingar retta mot Maguire.

Neste spelar på lista er Marcus Rashford, med 2557 meldingar ...

MAGUIRE
Foto: Grafikk Geir Jone Karlsen / NRK

Manchester United-lagkamerat Luke Shaw ordla seg nyleg slik:

– Han har fått mykje drit. Truleg meir enn eg nokosinne har sett.

– Frykteleg at det kan skje

NRKs VM-ekspert Kristoffer Løkberg har faktisk spelt på same lag som Maguire tidlegare. Begge var innom Sheffield United i 2011.

Løkberg har lite til overs for behandlinga Maguire støtt og stadig får, og trur den gamle lagkameraten sin blir påverka av all negativiteten.

Det er nok umogleg å ikkje bli prega av dette. Når du kan oppleve å bli bua på av eigne supporterar, vil det alltid liggje i bakhovudet i det du går ut på bana. Eg synest det er heilt frykteleg at det i heile teke kan skje. Då har folk misforstått ordet supporter, seier Løkberg.

Han hugsar Maguire som ein roleg og hyggjeleg type.

Det som imponerte var korleis han fotballmessig alltid tok nivået, same kven han vart sett opp mot, minnest NRK-eksperten.

Kristoffer Løkberg

Kristoffer Løkberg synest det er trist å sjå behandlinga hans tidlegare lagkamerat Harry Maguire får av eigne supporterar.

Foto: Nicolai Eid Trondal / NRK

I eit intervju med The Times rett før VM vart Maguire bede om å kommentere all kritikken han stadig møtast med frå fleire hald.

Skal ein tru midtstopparen, får han ikkje med seg særleg mykje av det som blir sagt.

Sjølv då eg var med på å komme til EM-finalen, og vart teken ut på laget til turneringa, oppsøkte eg ikkje kva som vart sagt om meg. Eg prøver så godt eg kan å ignorere det som skjer på utsida, svarte Maguire.

Maguire: – Sjølvsagt har vi kjensler

Kritikken og dritslenginga går hardare inn på familie og venner, innrømde United-kapteinen i intervjuet.

Dei les nok litt meir enn meg. Og openbert blir dei påverka av det folket meiner. Ingen liker å bli snakka om på ein dårleg måte. Det er berre ein menneskeleg eigenskap vi alle har. Når ein er i søkjelyset, kjem det til å skje. Og det har eg full forståing for. Men når familien min les det, eller ting går til det ekstreme, då er det nok tøffare for dei, seier han.

Men Englands omdiskuterte forsvarskjempe er klar på éin ting: Han plagast når han spelar dårlege kampar.

– Eg trur folk ser på fotballspelarar som robotar som ikkje har kjensler, men sjølvsagt har vi kjensler. Vi blir skuffa og lei oss når vi ikkje spelar bra, seier han.

EUEKMbybvX4

Harry Maguire er i Qatar saman med resten av den engelske VM-troppen.

Foto: CARL RECINE / Reuters

Tidlegare England-spelar Owen Hargreaves trur Maguire tek det meir innover seg enn han vil innrømme.

– Det er tøft for Harry, han har hatt eit par verkeleg tøffe år. Eg forsikrar deg, det han har vore nøydd til å halde ut, det har ikkje vore lett. All kritikken, all negativiteten, det er vanskeleg å oversjå det det når du spelar. Eg ser at han prøver å ikkje tenkje på det og berre vil fokusere på å spele, men han er under eit anna mikroskop no, seier Hargreaves til Discovery.

– I Harry ser eg ein partnar

Maguire får støtte også frå landslagskollega og Manchester-City-stoppar John Stones.

I eit intervju med Goal bruker Stones store ord om utskjelte Maguire.

– Når eg ser på Harry, ser eg ein partnar. Gjennom alt vi har erfart saman, har han alltid hatt ryggen min, og eg har hatt hans. Vi har hatt så mange kampar saman, knytt eit band og eit partnarskap. Vi veit kva den andre personen skal gjere og korleis vi best jobbar saman. Det berre klikkar, seier Stones i intervjuet.

6J3AItU0iEY

Harry Maguire er framleis eit ynda selfie-objekt hos delar av fansen.

Foto: Hassan Ammar / AP

I VM gjekk England og Maguire vidare etter å ha spelt uavgjort mot USA og slått Iran og Wales.

I åttedelsfinalen søndag ventar Senegal. Der trur NRK-ekspert Carl-Erik Torp at England kan få ei ny god oppleving.

– England hadde ein dårleg dag mot USA, eller så har dei sett veldig bra ut i VM så langt og gjort jobben. Dei er store favorittar mot Senegal, meiner Torp.

England kom til VM med eit elendig 2022 i bagasjen, der tre uavgjortkampar og tre tap var fasiten i obligatoriske kampar før meisterskapen.

Torp meiner uansett det er for tidleg å friskmelde engelskmennene.

– Dei har ikkje møtt veldig bra lag så langt, Wales har til dømes vore veldig svake heile meisterskapen. Dei har fått éin skikkeleg test, og det var mot USA, og det er kampen dei såg dårlegast ut i. Det er vanskeleg å seie kor bra dei faktisk er. Men dei har fått ein veldig komfortabel veg til åttedelsfinalen, brukt få spelarar og spart mykje krefter. Dei er favorittar mot Senegal, sjølv om det senegalesiske laget er solide defensivt og har bra sentrallinje, seier Torp.

southgate

Gareth Southgate har ført England til gode resultat dei siste meisterskapane.

Foto: MOLLY DARLINGTON / Reuters

Southgate fekk jobben i 2017 og har vorte ein populær trenar, mest på grunn av gode resultat, men også for veremåten og personlegdommen sin.

– England kan vinne VM

Kontrakten hans med England strekkjer seg ut 2024 etter EM i Tyskland, men Løkberg meiner Southgate truleg er avhengig av eit godt VM for å behalde jobben.

– Alt er avhengig av omstenda, det er akseptabelt å ryke mot eit godt lag viss ein har komme seg vidare frå gruppa, men eit England som ikkje kjem seg til kvartfinale vil alltid vere katastrofe. Men viss ein set seg ned og ser på historia, kor godt har eigentleg England gjort det i VM? Er ikkje det Southgate har gjort no det desidert beste England har fått til over ein lengre periode? Jobben han har gjort fortener å overleve éin dårleg meisterskap. Men fotballen er brutal, og det er tvilsamt at det blir akseptert viss England skuffar.

Young seier til The Sun at han har store forhåpningar for VM.

– Når ein ser korleis EM gjekk, gir eg oss alle høve til å vinne turneringa. Kritikken Gareth Southgate får, er heilt latterleg. Det er «bullshit», seier Young til The Sun.

Det er særleg nedturen i Nasjonsligaen, der England rykte ned frå nivå A, som gjer at kritikarane har gått etter Southgate.

– Berre fordi han ikkje tok laget inn i finalen i Nasjonsligaen, meiner folk at han bør kritiserast. Sjølvsagt, ein vil vinne kampar når ein er med på ei turnering, men Gareth har totalt forandra korleis det er å vere med England, meiner Young.

Kampen mot Senegal blir spelt søndag klokka 20 og blir sende på TV 2.

Siste nytt

  • Fansen protesterte – West Hams skrekkstart fortsatte

    West Ham har åpnet skrekkelig i årets Premier League. Mandag kveld kom sesongens sjette nederlag på de første åtte rundene mot Brentford.

    Nå har også fansen begynt å vende seg mot klubbens styre. Det var uvanlig mange tomme seter på London Stadium under oppgjøret.

    Det var på grunn av en kampanje som ønsker at formann David Sullivan og viseformann Karren Brady skal trekke seg fra sine verv.

    Oppgjøret mot Brentford var den første hjemmekampen med Nuno Espírito Santo i sjefsstolen etter at Graham Potter fikk sparken etter ni måneder ved roret.

    Mandag scoret spissen Igor Thiago kampens første mål, etter å ha brent flere store muligheter i forkant. Tyske Schade holdt på å doble ledelsen, men hodestøtet hans traff tverrliggeren etter én times spill.

    Kort tid før slutt fastsatte Mathias Jensen sluttresultatet til 0-2. West Ham ligger fremdeles nest sist i Premier League med fire poeng. Kristoffer Ajers Brentford tok et byks vekk fra nedrykksstriden og ligger på 13.-plass.

    West Ham fanprotester
    Foto: Reuters
  • Kaotiske scener da lille Mjällby sensasjonelt vant Allsvenskan

    Lille Mjällby – fra det lille tettstedet Hällevik med kun 1400 innbyggere – sto for en kjempesensasjon, da de vant 2-0 borte mot IFK Göteborg og tok SM-gull i Allsvenskan for aller første gang.

    – Det er ubeskrivelig, sier Mjällby-kaptein Jesper Gustavsson til SVT rett etter kampslutt.

    Like før slutt ville bortefansen slippe jubelen løs inne på Gamla Ullevi i Göteborg. En del av dem hoppet ned fra tribuneseksjonen i håp om å storme banen ved kampslutt – men de ble kontant stoppet av svensk politi.

    I en kort periode ble også oppgjøret stanset, og målscorer Jacob Bergström løp bort for å roe ned egne fans.

    De gule og sorte har hatt en eventyrlig sesong, og åpnet oppgjøret i et forrykende tempo. De produserte mange store sjanser i første omgang. Tom Pettersson la på til 2-0 før halvtimen var spilt.

    Seriemesterne har nå 11 poeng ned til Hammarby på andreplass. Det forspranget er umulig å ta igjen i løpet av de siste tre serierundene.

    Da dommeren blåste av etter ni overtidsminutter, løp spillerne over til egne fans. Som da holdt seg oppe på tribunen.

    Med på sensasjonen er den norske assistenttreneren Karl Marius Aksum. 35-åringen stilte opp til intervju med NRK i forrige uke.

    Han ble spurt av HBO Max om han kommer til å fortsette i klubben etter fotballbragden.

    – Det er en veldig bra spillergruppe. Man vet aldri i fotball, men jeg tror jeg kommer til å bli, sa Aksum til HBO Max.

    Mjällby
    Foto: Mathias Bergeld / Bildbyrån
  • Tuva Hansen ute med ankelskade – mister kamp for Norge

    Tuva Hansen (28) er ute av spill i flere uker etter ankelsmellen hun pådro seg i helgen. Hun går glipp av kamper for Bayern München og landslaget.

    Skadesituasjonen kommer fram i en melding Bayern har lagt ut i sine kanaler.

    – God bedring, Tuva! skriver den tyske serielederen.

    Forsvarsspilleren var innbytter i Bayerns 5-1-seier over Köln søndag. Hun slapp til da det gjensto et snaut kvarter igjen.

    Hansen spilte alt for Norge i EM i juli og var et åpenbart navn i troppen til oppgjøret mot Japan 28. oktober.

    (©NTB)

    Tuva Hansen, Bayern Munchen
    Foto: Bayern Munchen

Sendeplan

Kl. Program Kanal