Thomas Müller og Mesut Özil varma benken til langt ut i andre omgang.
Toni Kroos, Manuel Neuer og Sami Khedira varma benken gjennom heile kampen.
Tyskland sparte mykje krutt i privatlandskampen mot Finland før møtet med Norge søndag.
Joachim Löws menn hadde full kontroll på oppgjøret, men det tok 54 minutt før den første scoringa kom. Schalke-spiss Max Meyer (20) strakk fram foten på eit innlegg frå Mario Götze framfor eit fullsett stadion i Mönchengladbach. Finlands midstopparar var sjanselause.
Same forsvarsrekke sovna for alvor då Mesut Özil enkelt sette inn 2-0 med kvarteret igjen å spele. Avslutninga gjekk via Finlands Paulus Arajuuri og i mål.
«Schweini»: – Stor ære
Mest jubel fekk Bastian Schweinsteiger, som spelte sin siste kamp for Tyskland.
Før kampen fekk han ein mikrofon og takka publikum for støtta. Då kom også tårene.
– Takk for at de kom. Det betyr mykje for meg, sa Schweinsteiger.
– Det var ei stor ære å spele for Tyskland, la han til.
32-åringen tok VM-gull med Tyskland i 2014 og VM-bronse i 2006 og 2010.
I 2008 tok han EM-sølv.
Juling i vente?
Mot Norge stiller Tyskland utan Schweinsteiger, utan at det ser ut til å vere noko problem.
Per-Mathias Høgmos menn imponerte ingen i generalprøva mot Kviterussland.
– Speler vi slik får vi juling mot Tyskland, sa keeper Ørjan Håskjold Nyland etter 1-0-tapet på Ullevaal.