Hopp til innhold

Bøkko: – Morosamt med meir støy

Håvard Bøkko meiner Twitter blir meir spanande når folk ytrar seg meir direkte. Kursleiar i sosiale medier, Jørgen Helland, trur ikkje folk er heilt klar over kor mange som les det dei skriv.

Håvard Bøkko

– Eg visste at det ville komme reaksjonar på meldinga mi, seier Håvard Bøkko.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

Folk sender ofte twittermeldingar i affekt, og forstår ikkje at bodskapen vil bli lest av fleire personar, seier Jørgen Helland, rådgjevar i Halogen AS, om kvifor offentlege personar ofte ytrar seg meir direkte på Twitter enn andre stader.

Han underviser i Noregs første høgskulekurs i sosiale medier.

På idrettsarenaen fekk Håvard Bøkko brei omtale då han kalla fleirtalet av representantane på Skøytetinget for «suppehuer».

Dette fordi han var imot tingets avgjerd om å avvikla fellesstart på 10 000-meter i allround-NM neste år.

Store negative konsekvensar

– Eg visste at det ville komme reaksjonar på det, og tenker at eg ikkje må slenge så mykje drit framover, seier Bøkko når han blir konfrontert med twittermeldinga.

Det kan få følger for omdømet til ein person om han eller ho skriv noko som dei trur ikkje blir plukka opp og bretta ut i media, meiner Helland.

– Dei negative konsekvensane kan vere store. Sidan det er så umiddelbart og raskt er det lett å vere sleivete i uttrykksforma oppnår ein gjerne at media lagar sak om bodskapen.

(artikkelen held fram under biletet)

Bøkko-twitter

Jørgen Helland.

Foto: NRK

Kva er årsaka til at Twitter er populært hjå fleire idrettsutøvarar?

– Det er veldig enkelt å nå ut til dei som er interessert i å følga dei veldig raskt. Dei treng ikkje gå gjennom journalistar. Det går raskt å legga ut tekst som gjer at dei enkelt kjem ut med sin bodskap, seier Helland.

  • Er det greit at offentlege personar ytrar seg som dei vil på Twitter? Diskutér!

Heftig Twitterstorm

Men ikkje bare Bøkko har vore i hardt vêr etter uforsiktige ytringar på Twitter den siste tida.

Fagbladet Journalistens redaktør Helge Øgrim tabba seg ut før helga då han ved ein tastefeil namnga tv-kjendisen som blei arrestert for valdtekt.

Feilen, som blei til ei twittermelding, blei plukka opp i media og skapte oppstyr.

I England blei Premier Leagues storstjerne gjennom fleire år, Ryan Giggs, offer for Twitters openheit då han av fleire tusen brukarar blei namngiven som utru med supermodell Imogen Thomas.

(artikkelen held fram under biletet)

Ryan Giggs

Ryan Giggs blei navngjeven som utru fotballspelar på Twitter. Han svara med å saksøke mikrobloggnettstaden.

Foto: WOLFGANG RATTAY / Reuters

Mediene fekk riktig nok ikkje lov til å namngje Giggs, men på Twitter var det full openheit rundt spelaren og «alle» på nettstaden fekk vite at Giggs var den utru proffspelaren.

Det har med andre ord storma både her og der på mikrobloggtenesta dei siste vekene.

– Tåpeleg

«Håper det blir din siste bursdag», skreiv Christoffer Thomsen, leiar for Framstegspartiets Ungdom i Bergen, om Dagbladets Marie Simonsen på Twitter onsdag.

Thomsen lot seg engasjere av ein debatt på Twitter om konkurranseutsetjing av parkdrift, og skreiv difor ein melding som blei tolka som at han ønska Simonsen død.

– Eg ble veldig medriven og det gjekk for langt, diverre. Det blei veldig tåpeleg, seier Thomsen til NRK.

Bøkko: – Morosamt med meir støy

Håvard Bøkko er ute av drift i fire uker

Håvard Bøkko

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Etter «suppehue»-kommentaren retta mot Skøytetinget trur Håvard Bøkko at Twitter er meir populært når nettstaden blir brukt som frikanal for direkte ytringar.

– Folk legg kanskje merke til at ein er frittalande på Twitter. Det er mykje meir morosamt når det blir støy der, seier Bøkko.

Bør tenke seg om

Rådgjevar Helland er også einig i at det må vere eit visst spenningsnivå på meldingar, som i Bøkko sin, for at folk skal følga med på mikrobloggnettstaden. Men mange meldingar kan også bli lese ut av kontekst.

– Dei kan bli misforstått, og eigaren av bodskapen framstår då ofte som stor i kjeften.

Han oppfordrar kjende personar til å vere meir forsiktige på Twitter i framtida.

– Dei fleste bør tenke seg litt meir om.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal