Det blei til slutt 4–0 til storfavoritten og den suverene serievinnaren.
– Eg er letta. Eg har vore veldig nervøs og kjent på presset. No er det berre artig.
– Eg er ikkje heilt nøgd med min eigen prestasjon i dag, men herregud for ein sesong vi har hatt, jubla Reiten før ho følgde lagkameratane for å hente kongepokalen.
– I kveld skal vi feire skikkeleg. Det har vore så mange kampar at det har vi ikkje gjort før, seier Guro Reiten.
Sakna profilar
Sandviken spela utan sin toppscorar Ajara Nchout, som er oppteken med Afrika-meisterskapet for Kamerun. Ho kunne ha nådd finalen etter Kameruns bronsefinale fredag, men fann ut at det blei for tett.
– Det er tydeleg at dei saknar henne. Om det hadde gitt kampen eit anna utfall er nok tvilsamt, men dei hadde blitt mykje farlegare, sa NRKs Carl Erik Torp mot slutten av kampen.
LSK måtte spele utan sin kaptein Ingrid Moe Wold, som sleit leddbandet for nokre dagar sidan.
– Dei har greidd å bygge opp ein grunnstamme som veit kva som må til for å vere gode nok i kvardagen for å halde seg i toppen, sa NRK-ekspert Morten morrisbak Skjønsberg.
– Samstundes veit vi at dei også har større ressursar ann dei andre. Men det dei har bygt opp, er imponerande, la han til.
– Blir aldri mette
– Kvar de gjer for å ikkje bli mette på suksess?
LSK-kaptein Anja Sønstevold forstår ikkje spørsmålet.
– Vi blir aldri mette. Vi vil vinne, rett og slett.
Neste oppgåve er Barcelona i kvarttfinalen i meisterligaen. Det skjer i mars.
Uansett blei årets cupfinale aldri spennande. Etter Reitens to mål såg LSK seg aldri tilbake.
1–0 kom på ein retur, etter at Emilie Haavi hadde skote i tverrliggaren. Returen gjekk rett i beina på den suverene toppscoraren i årets toppserie.
Tre minutt etterpå blei Reiten spela fint gjennom, drog seg fri frå den siste forsvararen og trilla ballen i mål.
Då var kampen berre 11 minutt gammal, og det låg an til kalassiffer for storfavoritten. Men det tok nesten ein og ein halv omgang til før det tredje kom. Det var signert Haavi og kom etter hjørnespark. Og like etterpå sette Sophie Haug inn 4–0.