Hopp til innhold

Frustrert Lagerbäck: – Trur ballen var i spel berre 20 minutt i andre omgang

– Eg er absolutt for 30 minutt effektiv speletid i kvar omgang, sa den norske landslagssjefen etter bulgarsk oppvisning i uthaling av tid.

Bulgaria scorer

HER TAPER NOREG: Radoslav Vasiliev skallar ballen i mål via stolpen og gir Bulgaria 1–0

Foto: STOYAN NENOV / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

Noreg gjorde det meste rett mot Bulgaria, men ikkje framfor mål. Derfor blei det årets første tap.

Bulgarias sigersmål etter eit snautt kvarter i andre omgang kom fullstendig mot spelets gang, men straffa eit norsk lag som sløste grovt med sjansane.

– Eg synest første omgang var god, sjølv om vi ikkje fekk teljande resultat. Då var Bulgaria også svake. Men i andre omgang var dei dødeleg effektive og scora på sin første sjanse. Deretter var ikkje vi gode nok til å gjere noko med det, sa NRKs ekspert Carl-Erik Torp.

Frustrert landslagssjef

Lars Lagerbäck

UROA: Lars Lagerbäck måtte sjå at laget hans gjekk på sitt første tap i år

Foto: STOYAN NENOV / Reuters

Landslagssjef Lars Lagerbäck la ikkje skjul på at han var frustrert etter kampen.

– Det som gjer det ekstra «tråkigt» er at vi hadde så mange sjansar til å avgjere før pause. Men vi kan ikkje skulde på andre enn oss sjølve. Og vi veit frå før at mange lag er gode på å dra ut tida etter 1-0, la han til.

– Vi må lære oss å halde hovudet kaldt og ikkje la oss stresse av at dei sluttar å spele og berre står bak ballen.

Han roste likevel spelarane.

– Kanskje kunne Ødegaard betydd noko

– Vi kontrollerte heile kampen. Dei kriga veldig bra. No må vi berre bite tennene saman. Vi har fire kampar igjen.

– Kanskje kunne ein Martin Ødegaard ha betydd noko. Men denne gongen valde vi å gå framover på kantane og håpa å kunne opne dei på den måten. Så kan vi alltid diskutere spelarbytet.

Ønskjer 30 minutt effektiv speletid

På spørsmål om kva han synest om den massive uthalinga av tida dei bulgarske spelarane dreiv med gjennom andre omgang, svarte han:

– Eg er for 30 minutt effektiv speletid, og det har eg sagt lenge. I andre omgang i dag trur eg ikkje ballen var i spel meir enn 20 minutt, og det stressa oss. Men det er dette vi skal lære av.

Lagkaptein Stefan Johansen var like skuffa som sjefen.

– Vi har fem-seks sjansar, dei har ein og vinn kampen. At dei får éin sjanse på 90 minutt er godkjent. Men ikkje at det skal avgjere sin slik kamp, sa ein skuffa kaptein, som blei bytta ut rett etter målet.

– Vi burde drepe denne kampen før pause, sa han.

No står heimekampar mot Slvenia og Bulgaria for døra i neste månad.

– Det skal bli seks poeng, seier Alexander Sørloth.

Målet kom på Bulgarias første – og einaste – skikkelege sjanse i kampen.

Ivelin Popov suste fram på høgresida, og Radoslav Vasiliev stanga innlegget inn via stolpen.

Det var eit hardt slag for eit norsk lag som eigde første omgang, og som også hadde opna klart best etter pause.

Håvard Nordtvedt får raudt kort

RAUDT: Håvard Nordtveit får sitt andre gule kort, og må dermed stå over kampen mot Slovenia i neste månad

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Og som om ikkje det var nok: To minutt før full tid fekk Håvard Nordtveit sitt andre gule kort og måtte ut av bana. Då må han stå over neste kamp, mot Slovenia på Ullevaal 13. oktober.

– Dei brukte tid på å provosere oss, og det verka bra, det. Eg måtte fleire gonger telje til tre for å ikkje gjere noko endå dummare, sa Nordtveit.

– Men kanskje hadde vi gjort noko liknande vi og om vi hadde vore i same situasjon.

– Vi dominerer første omgang, men utnyttar det ikkje. Så scorer dei på sin første sjanse, og vi maktar ikkje å setje trøkk på dei etterpå. Det er for dårleg at vi ikkje får noko ut av denne kampen, seier han.

I pausen var den same Torp klar på kva Noreg måtte gjere i andre omgang.

– Vi må jobbe med utteljingsprosessen vår, sa NRKs ekspert Carl-Erik Torp i pausen. – Men alt i alt har det vore ein god norsk omgang, la han til.

Tre store sjansar

Bjørn Maars Johansen

NESTEN PANGSTART: Bjørn Maars Johansen hadde ein gigasjanse til å gi Norge ei tidleg leiing

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Noreg hadde grepet om første omgang, og i lange periodar var ballen inne på Bulgarias halvdel. Noreg hadde omgangens tre klart største sjansar.

  • Etter berre fem minutt var Bjørn Maars Johnsen heilt åleine med keeper, men brukte for lang tid og rota bort ballen på femmeteren.
  • Sju minutt før pause var Johnsen på nytt involvert. Innlegget hans mot Stefan Johansen var presist, og kapteinen sende ballen millimeter på utsida av stolpen.
  • Og i omgangens siste minutt skaut Johnsen igjen hardt frå fin posisjon, men rett på keeper.

Torp trur ikkje sjansane til norsk gruppesiger er borte.

– Nei, vi kan godt vinne resten av kampane, og då vinn vi gruppa. Bulgaria bør vi kunne slå på Ullevaal, og Slovenia er omtrent på Bulgarias nivå. Men vi har brukt opp det feilskjæret vi har råd til, seier NRK-skrperten.

Laster innhold, vennligst vent..

Sportsnyheter

Narve Gilje Nordås og Per Svela hentes av Gjert Ingebrigtsen etter løpet i Huelva

Nordås hentet av Gjert Ingebrigtsen etter seieren: – En trist sak for alle parter

Narve Gilje Nordås sier han kan fortsette trenersamarbeidet med Gjert Ingebrigtsen selv om det har blitt ut tiltale mot treneren. Tirsdag kveld forlot de stadion sammen.

Siste nytt

  • Elverum klar for sluttspillfinale i håndball

    Elverum tok seg videre til finalen i sluttspillet i håndball etter at de vant 41-30 borte mot Arendal tirsdag kveld.

    Elverum møter Kolstad, som slo ut Drammen i sine semifinalekamper med 2-0. Første finalekamp i best av tre spilles mellom de to lagene 22. mai i Trondheim.

  • VG: Bård Finne får to kampers karantene

    Branns Bård Finne må utebli fra klubbens to neste kamper etter at han ble utvist i 0-0-kampen borte mot KFUM Oslo i helgen.

    Det bekrefter Eirik Lindstrøm, leder av NFFs disiplinærutvalg til VG.

    – Dette opplevde vi som en grei sak. Verken mer eller mindre enn to kamper, sier Lindstrøm til avisen.

    Brann-spissen ble sendt i dusjen etter en høy fot mot KFUM-keeper Emil Ødegaard. En VAR-sjekk gjorde at det gule kortet til Finne ble omgjort til rødt. Dermed måtte han ta den tunge veien over fotgjengerfeltet i Ekebergveien og i garderoben etter en snau halvtime.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Ryerson hylles før storkamp: – Som en pitbull

    Komplimentene til Julian Ryerson satt løst da Borussia Dortmund-sjef Edin Terzic og Emre Can møtte pressen foran årets viktigste kamp mot Paris Saint-Germain.

    Onsdag spilles den første mesterligasemifinalen mot det franske storlaget. Den 27 år gamle lyngdølen er eneste gjenværende nordmann på herresiden i Champions League.

    – Han gjør jobben for laget og løser også trange situasjoner godt, sa Terzic.

    – Alle lag trenger en spiller som ham. Han sier ikke så mye og jobber bare hardt. Han er som en pitbull på banen, sa lagkamerat Emre Can. (NTB)

    Germany Soccer Bundesliga
    Foto: Sven Hoppe / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal