Ifølgje statistikken frå CIES Football Observatory, gjengitt i BBC, er troppen til heile den nybakte ligameisteren verdt 63 millionar pund, eller rundt 745 millionar norske kroner.
Tala er basert på pundkursen 11,83 kroner.
Til samanlikning er Manchester Citys tropp verdt 415 millionar pund (4909 mill kr) og Manchester Uniteds 395 millionar pund (4672 mill kr).
På dei neste plassane kjem Chelsea (280), Liverpool (260) og Arsenal 231).
Leicester er det første laget sidan Blackburn i 1995 – som er 21 år sidan – utanom dei fire store (Manchester-klubbane, Chelsea og Arsenal) som vinn Premier League.
Berre fem klubbar har troppar som er billigare enn Leicesters.
Leicester er også laget som har brukt færrast spelarar i Premier League denne sesongen – 23 i talet. Her er hardaste utfordrar Tottenham på andreplass med 24 spelarar på dei 36 serierundane som er spela.
Marc Albrighton, Wes Morgan og Kasper Schmeichel har spela alle kampane, medan Ngolo Kante og Riyad Mahrez har spela 35.
Og lønsbudsjettet?
På Deloitte's Sport Buiness Groups liste er Leicester laget med tredje lågaste lønsutgiftene i PL, med sine 36 millionar pund. Berre Bournemouth og Watford ligg lågare.
Men den lista er frå sesongen 2013/14, då Leicester var i Championship. Anslaget for denne sesongen er om lag 57 millionar pund, ifølgje BBC.
Uansett er det langt opp til lønsbudsjetta for Manchester-klubbane, med 220 millionar (United) og 205 millionar (City).