– Det var heilt uverkeleg. Eg hadde aldri trudd at noko slikt kunne skje, fortel Sindri Thor Jakobsson.
Då Alexander Dale Oen døydde, var ein heil nasjon i sorg. Ei idrettsverd i sjokk.
Men tøffast var dei for dei næraste.
– Det var nokre tøffe timar og nokre tøffe dagar. Eg trudde ikkje heilt på det først.
Var eit forbilde
Verdsmeisteren frå Øygarden var eit forbilde og ein pådrivar for symjetalentet Sindri Thor.
Symjing som hadde vore livet for han, vart meiningslaust den vonde kvelden i Flagstaff, USA, då han fann romkameraten død i dusjen.
Sindri Thor slutta.
– Symjing vart uviktig for meg då.
Han fortel om kor vanskeleg det var å delta i EM berre tre veker etterpå.
– Då skulle vi ut å prestere for Alex. Men tankane mine var ein heilt anna stad. Eg tenkte ikkje; «no skal eg ut å knuse persen min».
– Eg gav litt blaffen. Eg ville ikkje symje meir.
Byrja å trene att
Men for to månader sidan byrja Jakobsson å trena att. No deltek han i sitt fyrste internasjonale konkurranse sidan han slutta.
Og romkameraten er med.
– Eg veit han er der. Han følgjer med på kvart steg eg tek, smiler Jakobsson.
– Han hadde verkeleg tru på meg, og det kjem eg til å ta med meg kvar einaste dag.
Bergen Swim Festival
Denne helga vert Bergen Swim Festival arrangert for første gong etter Dale Oens tragiske død.
Festivalen har fått namnet Alexander Dale Oen Memorial. Mellom anna har OL-vinnarane Cameron van der Burgh og Daniel Gyurta kome til vestlandsbyen for å heidra Dale Oen.
Under OL i London dediserte dei begge sine gull til sin tidlegare konkurrent.
Van der Burgh peika mot himmelen for å heidre Dale Oen då han vant 100 meter bryst på ny verdsrekord.