– I all beskjedenheit vil eg seie at dette var ein liten maktdemonstrasjon, seier Lund Svindal på telefon frå Canada.
32-åringen serverte soleklar bestetid på første utfortrening før verdscupopninga i Lake Louise. Alpint-stjerna mista stort sett heile fjorårssesongen på grunn av ei akillesskade.
No viser nordmannen styrke igjen.
Ikkje nok med det: 72 hundredelar bak Lund Svindal kom lagkamerat Kjetil Jansrud inn som nummer to.
– Det er nesten litt overraskande, seier Jansrud.
– Det beste utgangspunktet
Fjorårets utfor- og super-G-cupvinnar siktar til differansen til konkurrentane.
Heile eitt sekund og 63 hundredelar bak Svindal kom beste ikkje-nordmann: Erik Guay frå Canada.
– I dag var det jo ingen som meldte seg på, seier Jansrud.
Både Svindal og Jansrud påpeiker at dette bare var trening, og at det er vanskeleg å vite kven av konkurrentane som ga full gass under aller første økt.
– Men det er deilig å vite at normal køyring er nok til å henge med i toppen. Eg var veldig spent på korleis vi kom til å ligge an, seier Svindal.
– Vi kunne uansett ikkje håpa på eit betre utgangspunkt. Eg hadde ikkje trudd at vi skulle vere såpass komfortable.
Rivaleriet i gang
Alt ligg til rette for at bestekompisane Jansrud og Svindal blir bitre rivalar i løypa denne sesongen.
Like før sesongpremiæren føler Jansrud at Svindal har skaffa seg eit ørlite overtak.
– No er det 1-0 til Aksel, men eg er veldig glad på hans vegne. På trening bytter vi på å vere best, så får vi sjå korleis det går når sesongen startar. Køyremessig har eg litt å hente på han, seier Jansrud.
Begge trur også at andre nasjonar vil gi tøffare kamp ganske snart.
– Det blir vanskeleg å halde denne marginen heile vegen. Alle nasjonar vil analysere første trening veldig nøye, så det kjem ikkje til å bli lett på renndag, seier Svindal.
– Eg trur vi får sjå tøffare konkurranse allereie i morgon, seier Jansrud.
Laurdag går starten for sesongens første utforrenn i Lake Louise. Spørsmålet då er om Jansrud vil klare å forsvare triumfen frå sesongopninga i fjor når lagkamerat Svindal igjen har meldt seg på i toppen.
PS: Også Aleksander Aamodt Kilde viste lovende takter. 23-åringen fra Bærum var sjette best på trening i Canada.