Midt i oppkøyringa til OL-kvalifiseringa har den svenske brytaren Mathias Günther blitt tatt i doping.
25-åringen tok bronse i EM tidlegare i år – no blir han fråteken medaljen og sannsynlegvis utestengd frå alle konkurransar i to år.
– Eg verken kan eller vil skulde på nokon andre enn meg sjølv. Dette er heilt og haldent mitt eige ansvar, og akkurat no føler eg at eg har øydelagd idrettskarrieren min, seier Günther til Helsingborgs Dagblad.
– Fekk tablett frå kamerat
I førre månad slo Günther til med ein overraskande EM-bronse i 66-kilosklassen. Dermed kunne det svenske publikum notere endå eit medaljehåp framfor dei olympiske leikane i London.
Günther var på veg mot siste hinder før OL då sjokkbeskjeden kom torsdag morgon: Under ein månad før OL-kvalifiseringa i bryting ryk svenskens draum om å konkurrere i London.
A-prøven han gav under EM i Serbia viste seg nemleg å vere positiv.
Svensken fortel at han pådro seg ei skade bare dagar før EM. Foten hovna opp, og ifølgje Günther sjølv løyste han problema med å ta ein tablett.
Medikamentet fekk han av ein kamerat, seier brytaren.
– Eg tenkte aldri at dette kunne vere eit forbode preparat. Ikkje ein gang då eg blei kalla inn til dopingkontroll.
Artikkelen held fram ...
Med tårer i auga framfor lagkameratane
Günthers B-prøve er enno til analyse, men brytaren er sjølv innstilt på å bli utestengd i to år – og dermed miste OL-kvalifiseringa om nokre veker.
I tillegg vil han bli fråteken EM-medaljen.
Det svenske landslaget i bryting var i gang med oppkøyring til OL-kvalifiseringa i Bulgaria då dopingbeskjeden kom onsdag 28. mars.
Ein sjokka Mathias Günther måtte då forklare seg framfor heile troppen, før han sidan reiste heim frå treningsleiren i Ukraina.
– Han fortalde sin versjon av det heile. Han bad heile laget om orsaking med tårer i auga. Han har, som han sa, øydelagd idrettskarrieren, seier landslagssjef Benni Ljungbäck til Expressen.