Han tok leiinga frå start og auka for kvar einaste passering. I mål var avstanden 2.19 minutt ned til sølvvinnar Johan Tjelle.
Det trass i at det på førehand var tvil om han skulle starte. Ein strekk i låret kunne gjere det vanskeleg å gå.
– Men ei femmil er så vond uansett, at litt ekstra gjer ikkje noko, sa han til NRK før start.
– Dette kjem eg til å kjenne i kveld. No er sesongen slutt uansett, sa han etter løpet.
Han var sliten, men synest det var moro å gå på påskeføret på Gålå.
– I dag var det varmt. Eg måtte fleire gonger ta ein neve snø i nakken for å halde kroppstemperaturen nede. Det var eit blodslit heile veiegen, sa Sundby etter sitt femte femmils-NM.
– Det er dette som er langrenn. Tungt påskeføre, ikkje mogeleg å få feste, intervallstart. Eg hadde gode ski, men mange sleit nok med skiene i dag.
Video: Martin Johnsrud Sundby strålte etter femmilsgullet
Brødreduell om bronsen
Men om Sundby var suveren, var det knalhard kamp om dei andre medaljane. Og dei fekk overraskande eigarar.
Mathias Rundgreen, Johan Tjelle, Bjørn Aaslund og brørne Jonas og Espen Udjus Frorud veksla heile vegen om plassane bak Sundby.
Tjelle tok sølvet og Jonas Frorud bronsen til slutt.
Kampen om bronsen stod altså mellom dei to brørne frå Skiptvedt i Østfold. Jonas gjekk tidleg i mål til ei god tid med ei sterk avslutning. Espen starta nest sist og låg på sølvplass ved dei fleste passeringane.
Men avstanden til broren minka jamnt og trutt. Og inn mot mål kunne Lyn-løpar Jonas sjå at storebrorens avslutning var 19 sekund for dårleg.
Uansett blei det tredje- og fjerdeplass til familien Frorud.
– Dette er uverkeleg. Eg har hatt ein forferdeleg sesong, så dette var heilt enormt, seier Jonas.
– Espen er sikkert lei seg fordi bronsen glapp. Men eg håpar han gler seg litt på mine vegne, seier ein svært glad og overraska Jonas Udjus Frorud.
Manndomsprøve
– Femmila med enkeltstart skal vere ei manndomsprøve, og det er det verkeleg her, sa NRK-ekspert Torgeir Bjørn under direktesninga frå Gålå. Føret var tungt og vinden sterk.
– Fy fader det var tungt, sa sølvvinnar Johan Tjelle etter å ha slått lagkameraten Jonas med åtte sekund i sølvkampen.
Han tenkte ikkje på medalje undervegs.
– Det var berre å gå så fort eg makta, sa Tjelle. Det gjorde han så godt at det enda med sølv for Lyn-guten, som er tredjeårs senior.