Dei offisielle meldingane går berre ut på at fem skal ha overlevd. Blant dei er tre spelarar – Danilo, Jackson Follmann og Alan Ruschel.
Flystyrten skjedde like før midnatt lokal tid, klokka 06 i dag norsk tid.
Laget til den brasilianske klubben Chapecoense som var med i flystyrten i eit fjellområde utanfor Medellin i Colombia i natt, var på veg til første finalekamp i Copa Sudamerica.
Chapecoense slo svært overraskande ut det argentinske storlaget San Lorenzo i semifinalen i førre veke og skulle møte Atletico Nacional i første finalekamp onsdag.
Alle kampar i regi av det søramerikanske fotballforbundet er utsette inntil vidare.
Copa Sudamerica er den nest mest prestisjetunge turneringa i Sør-Amerika, tilsvarande europaligaen i Europa.
Chapecoense rykka i 2014 opp til øvste divisjon i Brasil, for første gong sidan 70-talet. Etter 15.-plass dei to første åra ligg dei no på niandeplass ein serierunde før slutt.
No skulle dei krune ein fantastisk sesong med den søramerikanske finalen.
Klubben høyrer til i byen Chapeco i delstaten Santa Catarina, den nest sørlegaste i Brasil.
Med eitt unntak er heile troppen brasilianarar.
Flyet skal vere det same som tidlegare denne månaden transporterte det argentinske landslaget.