Hopp til innhold

Siste nytt

  • Lahm boikottar VM i Qatar

    Tidlegare Bayern München- og Tyskland-stjerne Phillip Lahm seier i eit større intervju med Kicker at han ikkje vil dra til VM i Qatar.

    Han er organisasjonsleiar for EM i Tyskland i 2024.

    – Menneskerettane bør spele ei stor rolle i tildelinga av meisterskap. Når eit land som er blant dei dårlegaste der, tek du til å tenke på kriteria som blei brukt. Det bør ikkje skje igjen i framtida, seier Lahm.

    philip lahm
    Foto: MURAD SEZER / AP
  • 18 månader utestenging for fyllekøyring

    Den koreanske skøytesprintaren Kim Min-seok (23) er utestengd frå idretten i 18 månader for å ha krasja med bil i fylla.

    Han krasja inn i betongskiljet mellom køyrebana og fortauet då han køyrde tre lagkameratar heim att frå ein fest i treningssenteret utanfor Seoul, melder nyheitsbyrået Yonhap.

    Kim tok bronse på 1500 meter i OL både i 2018 og i år, og tok også sølv i lagtempo i 2018.

    Men utestenginga er over i god tid før OL i Cortina og Milano i 2026.

    - Likevel kan ei så lang utestenging få følgjer for karrieren, seier Kim Seong-cheol, leiar i disiplinærkomiteen i forbundet.

    Landslagstrenar Kim Jin-su blei i same saka utestengd i eitt år for «ikkje å ha passa på utøvarane sine godt nok».

    Kim Min-seok
    Foto: Ashley Landis / AP
  • Tøffare kamp for Klaesson

    Leeds har forsterka stallen på keeperplass ved å hente inn rutinerte Joel Robles (32) frå Betis.

    32-åringen skreiv tysdag under på ein eittårskontrakt for Premier League-klubben. Robles' kontrakt med Betis gjekk ut etter førre sesong, og dermed kunne han hentast utan overgangssum.

    Leeds har frå før målvaktene Illan Meslier og Kristoffer Klaesson i A-stallen. Nordmannen, som har stått éin Premier League-kamp for klubben, må belage seg på hardare konkurranse med Robles på plass.

    Spanjolen har tidlegare spilt for Atlético Madrid, Rayo Vallecano, Wigan og Everton, så han er godt kjent med den engelske ligaen frå før.

    Joel Robles
    Foto: Miguel Morenatti / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 52 klipp
Sport
Spiller nå
Her stagediver Vetle Sjåstad Christiansen etter den fjerde Blink-seieren 00:55
Neste