Hopp til innhold

Trur på tilgjeving frå fansen: – Livet består av glede og vonbrot

Handballstjernene ber om forståing for at dei ikkje stiller opp på alt av «selfie» med fansen under VM. Skrekkscenarioet frå sist meisterskap på heimebane har brent seg fast i minnet til landslagstrenaren.

Firenasjonersturnering håndball kvinner: Norge - Angola (32-24)

AVSTAND: Nora Mørk deler ut autografkort til fansen på Hamar, men «selfie» er landslagsstjernene langt meir restriktive med å dele ut.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Så klart skulle vi ønske vi kunne tatt meir «selfie» og sånt, men vi er her for å spele og vinne mest mogeleg, seier Stine Bredal Oftedal, kaptein på det norske handballandslaget.

Hundrevis av born og unge har denne helga vore på plass på Hamar og Lillehammer for å følgje dei norske handballjentene i oppladinga til VM på heimebane.

Dei fekk laurdag sjå Noreg vinne 31-21 over Island.

Men mange har måtte dra skuffa heim – utan å sikre seg eit bilete saman med sine store førebilete.

Vi vil jo gjerne gi mykje tilbake vi og, men det er noko med den totalen som vi må passa litt på. Det er synd det er sånn, men det er viktig for oss, seier veteran Camilla Herrem.

Landslagstrenar Thorir Hergeirsson og det norske landslaget har nemleg innført strenge tiltak i forkant og under VM.

Minst mogeleg nærkontakt med utanforståande.

Vi gjer det som er ganske vanleg i toppidrett når det er viktige konkurransar. Ein er kanskje ikkje så mykje i kontakt med all slags folk akkurat då, ein prøver å avgrense omgangskretsen sin.

Firenasjonersturnering håndball kvinner: Norge - Angola (32-24)

STRENGE REGLAR: Kaptein Stine Bredal Oftedal i samtale med stjerneskotet Maja Furu Sæteren.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Kapteinen legg til at eit meisterskap på heimebane gjer det ekstra utfordrande.

– Vi prøver jo berre å vere generelt veldig strenge. Prøver å isolere oss mest mogeleg. Vi er i Noreg, det er sjølvsagt mykje familie rundt, det er mange nordmenn som gjerne vil kome litt tett, så vi må berre prøve og halde avstand.

Fryktar «heimebane-mareritt»

Sist Noreg hadde meisterskap på heimebane, under EM i 2010, gjekk nemleg det norske landslaget på ein kjempesmell.

– Eg huskar det veldig godt for vi heldt jo på å miste laget ut av turneringa, fortel Hergeirsson.

I starten av mellomrunden herja omgangssjuka i den norske troppen og nesten halve laget vart smitta av det frykta Noroviruset.

Landslagstrenar Thorir Hergeirsson

SJUKDOM: Landslagstrenaren minnast at halve laget vart sjuke, sist Noreg spelte meisterskap på heimebane.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Som vår gode lege Ola Sand ville sagt det; då har folk ete bæsj, og det er ikkje bra, konstaterer landslagssjefen.

Noreg gjekk på eit pinleg 19–24 tap for Sverige i første kamp i mellomrunden, etter at fleire av dei største stjernene vart sett ut av spel.

​​​​​​Det sit nok godt i minnet til Thorir òg at vi hadde eit halvt lag som sett på do der i 2010, mimrar Camilla Herrem og ler.

Noreg fekk derimot sin revansj, då dei slo nettopp Sverige i finalen 25–20 og tok sin fjerde strake EM-siger.

Ber om forståing

Med dette i minnet og influensa som herjar fritt håpar både landslagstrenaren og spelarane at fansen vil forstå at laget må ta sine forholdsreglar under årets meisterskap på heimebane.

Firenasjonersturnering håndball kvinner: Norge - Angola (32-24)

ERFARING: Camilla Herrem hugsar godt EM på heimebane, der halve laget vart slått ut av magevirus.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Det siste ein vil er å gå glipp av mange kampar for ein har blitt sjuk, fordi ein har gjort nokon feil her og der og ikkje tatt alle omsyn som ein skal, seier Herrem som har nesten 300 landskampar med flagget på brystet.

– Så prøve vi å gi tilbake det vi kan og, for eg skjønnar jo at det er viktig at vi gir tilbake til dei som kjem og ser på, legg ho til.

Landslagstrenaren understrekar at trass alt er det som skjer på bane det viktigaste, og han fryktar ikkje at fansen skal bli for skuffa over at nærkontakten med stjernene blir avgrensa.

Livet består av gleder og vonbrot, og oppturar og nedturar. Eg vel å tru at oppturane med handballjentene er fleire enn nedturane, så eg trur vi kjem til å bli tilgitt og forstått på det, svarar 59-åringen.

Firenasjonersturnering håndball kvinner: Norge - Angola (32-24)

FRYKT: Det norske trenartemaet si største frykt er om sjukdom skal spreie seg i den norske troppen.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Men sjølv om reglane er strenge lovar også spelarane at fansen skal få litt. Spelarane kjem framleis til å dele ut ferdigsignerte autografkort.

Er avstanden stor nok – kan også spelarane stille opp på bilete.

– Så skal vi kunne gi tilbake til dei utan at det er alt for stor risiko, men det viktigaste er berre å vere litt fornuftig i det, understrekar Henny Reistad som får støtte av kapteinen;

– Eg tenker jo at det å få eit meisterskap på heimebane og sjå oss i aksjon – er ikkje det hovudattraksjonen?

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal