- SISTE: Dario Cologna tok 15 bonussekund i den andre innlagde spurten. Dermed er han den nye leiaren av Tour de Ski.
SJÅ VIDEO: Her tar Cologna leiinga frå Northug
Også sundag vil knivinga om dei viktige bonussekundene halde fram.
– I dag blir det kamp, seier Northug til NRK.no.
– Eg skal vere offensiv, spesielt på skøytedelen, legg storfavoritten til.
– Han må vere med i tet
Og kampen om sekundene er uhyre viktig å vinne under 20 kilometeren i Oberstdorf. Her kan det stå om samanlagtsigeren i Tour de Ski, meiner lagkameraten.
– Om han har tenkt å heve seg i samandraget må han vere med i tet og plukke så mange bonussekund som mogleg, seier Eldar Rønning som er nest beste nordmann i Tour-samandraget med ein niandeplass.
Sjekk samanlagtlista i Tour de Ski her!
Sjå Northugs fall på sprinten om igjen: