Det blir derfor tidleg reprise på finalen i EM i 2012. Den gongen vann Spania 4-0. Og skulle Spania gå vidare, ventar truleg Tyskland i kvartfinalen. Kostbart baklengsmål, med andre ord.
Kroatia skal på side møte ein gruppetrear.
Spania såg ut som gruppevinnar i 87 minutt. Då hadde dei tatt ei tidleg leiing, og sleppt inn utlikning på tampen av første omgang. Og dei hadde bomma på straffe.
1-1 ville likevel vere godt nok for dei regjerande europameistrane.
Men det var før Ivan Perisic sette full fart mot mål og banka ballen i lengste hjørnet då tre minutt stod att av den ordinære tida. Spania fekk sitt første tap på 15 EM-kampar – sidan 0-1 for Portugal i gruppespelet i 2004.
Og Kroatia eksploderte.
Dramatisk straffebom
Før det var det straffebommen etter 70 minutt som var kampens snakkis.
Det begynte med at David Silva gjekk ned inne i feltet. Dommar Bjørn Kuipers dømde straffe – ein nokså billig sådan.
Sergio Ramos tok straffen – rett på keeper Danijel Subasic. Men Subasic gjekk langt ut, to-tre meter frå målstreken. Det har han ikkje lov til, og straffen skulle vore tatt ein gong til. Men det skjedde ikkje, og det stod framleis 1-1.
Video: Straffebommen
Kamp om gruppesigeren
Begge laga var klare for åttedelsfinale før kveldens kamp i Bordeaux. Det var kampen om gruppesigeren som var interessant.
Alvaro Morata avslutta eit nytt kunstverk av eit angrep etter berre sju minutt, og scora sitt tredje mål i EM. Då hadde Spania godt grep om gruppesigeren.
Video: Morata set inn 1-0
Like etter var Kroatia så nær utlikning som det er mogeleg å kome: Ratikics lobb gjekk i tverrliggar, stolpe og ned på streken. Men ikkje over, sa mållinjeteknologien.
Sjå den store sjansen her:
Utlikninga kom like før pause. Ivan Perisic la perfekt inn, og der breisida Nikola Kalinic inn 1-1 frå kort hald.
Video: Kroatias utlikning:
Bråket uteblei
Før kveldens kamp kom det meldingar om at kroatiske fans skulle angripe dommaren i det 30. minutt. Derfor var det langt fleire politifolk rundt bana no enn i Kroatias førre kamp.
Men det gjekk roleg for seg på tribunene i kveld.