Hopp til innhold

LSK-fansens misnøye mot trenaren etter kvalik-plass: – Reis heim

Lillestrøm-trenar Jørgen Lennartsson fekk stygge tilrop frå publikum etter at LSK hamna på kvalikplass.

Skuffa LSK-spelarar

NEDSLÅTT: Lillestrøm-spelarane går skuffa av bana etter 0-0 og kvalifisering

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

"Søppel" var blant tilropa han og spelarane fekk på veg til garderoben etter 0-0-kampen mot Sarpsborg 08.

– Det er lett å forstå at folk er forbanna når vi ikkje har vunne fotballkampar på ei stund, og at våre prestasjonar ikkje er gode nok, seier Lillestrøm-trenar Jörgen Lennartsson.

Han og spelarane blei bua av bana etter 11 kampar utan siger. Sjølv tok Lennartsson reaksjonen med fatning.

– Då blir det mykje fokus på trenaren. Slik er det, og eg har ikkje problem med det. Eg tek ansvaret fullt ut.

Jørgen Lennartsson

BUA UT: LSK-trenar Jörgen Lennartsson fekk merke publikums mishagsytringar etter 0–0 og kvalik-plass

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

No ventar kvalik-kampar mot Start 7. og 11. desember.

– Så kan vi diskutere om vi skal ha fotballkampar 11. desember i Norge. Men det er ei anna sak.

Det var uvisst til aller siste spark i det svært så vinterlege og uuthaldeleg spennande nedrykksdramaet i eliteserien.

Ranheim nær sensasjon

Seks lag var innblanda i nedrykksdramaet før den siste runden. Det var duka for drama. Og drama blei det.

Det enda med at Ranheim blei sist etter eit titanisk drama på Lerkendal.

– Vi kjem til å byggje bra opp igjen, men dette sit i, seier Ranheims keeper Even Barli.

Tromsø må også ned, etter ein skilleg snøballkrig på Alfheim. Lillestrøm må ut i kvalik etter 0–0 mot Sarpsborg 08. Mjøndalen slo Vålerenga og berga plassen. Det gjorde også Sarpsborg etter poenget på Åråsen.

– Vi er skuffa, dette skulle vi avgjort i dag, seier LSK-veteran Frode Kippe etter det som skulle blitt hans siste kamp. No kan han få to kvalik-kampar mot Start.

– I dag skapte vi knapt nok sjansar, og då er det vanskeleg. Eg er skuffa no, men vi skal omstille oss til to nye kampar. Dette skal nok gå bra, seier Kippe.

– Eg har aldri spela kvalik før. No får eg vere med på det også.

Fire lag med like mange poeng

Full fest i Mjøndalen

JUBEL: Det var full fest i Mjøndalen etter at ny kontrakt var sikra

Og berre målskilnaden skilde dei fire måla. Tromsø måtte ned med 19 minusmål, LSK på kvalik med minus 15. Mjøndalen med minus 14 og Sarpsborg 08 med minus 10 berga seg. Strømsgodset var også i faresona, men berga seg med siger i Kristiansund.

Fredrik Brustad sikra sigeren mot Vålerenga med 1–0, og det var nok til fornya kontrakt. Ikkje sidan 1986 har Mjøndalen makta å halde seg på øvste nivå.

– Det var ufatteleg herleg. Eg kjenner meg så glad som eg ikkje trur eg har vore i heile mitt liv, seier Mjøndalens trenar Vegard Hansen til NRK.

– Det er så godt å ha greidd det etter det presset vi har vore under dei siste vekene, og så klart det heilt på tampen. Det ser du sikkert på meg, seier Hansen medan smilet går nesten heilt rundt.

Han vedgår at han var nervøs på sidelinja i kampen mot Vålerenga. Uavgjort hadde ikkje vore godt nok. Men han hadde god tru på siger mot Vålerenga og dermed å overleve.

– Alle andre hadde vanskelege kampar. Vi såg på sjansane var veldig gode. Hadde vi rykka ned, hadde eg kjent veldig på ansvaret.

Drama på Lerkendal

Even Hovland scorer på Lerkendal

TOMÅLSSCORAR: Even Hovland var sentral då Rosenborg sikra seg europaliga-plass

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Ei kort stund i 2. omgang låg alle dei seks laga på 30 poeng, berre målskilnaden avgjorde.

Den største dramatikken small på Lerkendal, der Trondheim-naboane Rosenborg og Ranheim møttest.

Ranheim låg sist før runden, men selde seg dyrt mot Rosenborg. Dei leia 1–0 ved pause og var lenge oppe på kvalikplass. Så snudde Rosenborg med to mål av midtstoppar Even Hovland, og Ranheim var sist igjen.

I 40 sekund var også Rosenborg på bronseplass og klar for europaliga-plass. Så utlikna Michael Karlsen for Ranheim med sitt sjuande mål for sesongen, og sende Rosenborg ut av Europa igjen. I fire minutt. Då var det Samuel Adegbenro som var på rett plass til rett tid og banka inn 3–2. Då gjorde det ingenting at Mike Jensen bomma på straffe på overtid.

I Tromsø-garderoben var stemninga derfor laber.

– Vi sit med ei kjensle av tomheit, hjelpeløyse og skam, seier TILs Simen Wangberg.

– Det er det verste eg har opplevd som spelar. Du skuffar så mange. Når vi skal tilbake neste år, skal det vere med ei forplikting om at vi skal gjere det betre, seier han.

15 minutt snøpause i Tromsø

Det oppstod ekstra drama då kampen i Tromsø måtte avbrytast etter ein dryg halvtime i første omgang. Snøfallet gjorde det umogeleg å spele, dommarane kommanderte spelarane inn i garderoben medan traktorane måka bana. Måkepausen varte i 15 minutt før spelet kom i gang igjen.

Dermed blei også andre omgang i dei andre kampane med lag i nedrykksfare utsett tilsvarande.

Men det vekte reaksjonar at andre omgang av Haugesund – Odd blei sett i gang nesten ti minutt før Rosenborg – Ranheim, ettersom det indirekte kunne ha innverknad på nedrykksstriden.

Etter snøpausen scora Oliver Edvardsen for Stabæk og sende Tromsø under nedrykksstreken. Edvardsen feira med å stupe ut i ein av snøhaugane ved sida av bana.

– Det var godt. Og snøen var mjuk, sa han til Eurosport etterpå.

Runar Espejord utlikna etter pausen, då snøkavet hadde gitt seg. Men det var ikkje nok for Tromsø.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal