– Det var eit hardt år. Eg var veldig sliten, seier Lunde Borgersen.
Handballspelaren har akkurat komme ut av garderoben etter å ha tapt 20-27 for Byåsen i eliteserien.
– Det var godt med jul, slik at eg fekk litt ferie. Eg trur nesten det er den første jula i karrieren mi at eg har teke ein del fridagar, seier ho.
Innhaldsrikt år
11. august jubla Lunde Borgersen for OL-gull saman med landslagsvenninnene. Norge slo Montenegro 26-23 i OL-finalen.
Då ho kom heim frå OL starta eliteserien med spel for klubblaget Vipers Kristiansand. Samstundes starta oppkøyringa mot EM i Serbia.
16. desember var Lunde Borgersen på bana i EM-finalen mot Montenegro. Motstandaren fekk revansj frå OL-finalen og slo dei norske jentene. Etter EM bar det heim til sonen Matheo for julefeiring og treningsfri.
Trass i eit hektisk 2012 vil Lunde Borgersen halde fram på landslaget.
– Eg tykkjer det er veldig godt å vere på landslaget. Eg får litt andre impulsar og miljøskifte. Det er betre spelarar der og ein når eit høgare nivå, seier ho.
– Så lenge eg held nivået vil eg spele på landslaget, seier landslagsspelaren.
– Klart betre enn oss
I kampen mot Byåsen vart det gjensyn med landslagsvenninnene Camilla Herrem og Ida Alstad - denne gangen som motstandarar.
Vipers Kristiansand har som målsetjing å nærme seg toppen av norsk handball dei neste åra. Men Lunde Borgersen vedgår at det er eit stykke opp til dei beste laga.
– Dei er klart betre enn oss. Dei gjer klokare val og er litt meir rutinerte, seier ho.
I oppgjeret mot Byåsen kunne Lunde Borgersen notere seg for tre scoringar.