Totalbudsjett premiepengar Blink Classics: 240 000 kroner. Premiepengar herrar: 190 000 kroner. Premiepengar damer: 50 000 kroner.
– Det er ein vanvitig skeivfordeling.
Det seier Astrid Øyre Slind, som kom på andrepass i konkurransen. Ho får støtte frå vinnar Britta Johansson Norgren.
– Eg synest det burde vore lik premiering. Me kvinner som konkurrerer kjempar like hardt som mennene. Me kan ikkje noko for at det berre ei norsk kvine som deltek.
Vanskeleg å leve av lave premiepengar
Øyre Slind meiner det sender ein dårleg signaleffekt. Særleg sidan både løpa i verdscupen i langrenn, Ski Classics, og andre store rulleskirenn gir like premiepengar.
– Ein føler seg so nedgradert. Eg trudde likestillinga var komen lenger.
– I alt anna me gjer har me like premiepengar. Eg har ikkje noko meir kommentar enn det, seier dagleg leiar i Blink-festivalen, Odd Langhelle.
For både Øyre Slind og Johansson er langløp levebrødet. Då er det vanskeleg å leve av det når premiepengane blir kutta slik.
– Det blir ein vond sirkel. Færre går, det blir mindre merksemd, og dameklassen er plutseleg ikkje verdt noko.
– Eit steg om gangen
Blink Classics blei arrangert for første gang i går. Det er eit nytt konsept, som går inn som ein del av den tradisjonelle Blinkfestivalen.
– Kvifor er det så stor forskjell på premiepengane?
– Det er rett og slett fordi me må starte ein plass. I år er herrane i fokus, og så kan me ta med damene etter kvart. Me må ta eit steg om gangen, og det blei naturleg å gjere det slik. I dameklassen var det berre fire som deltok.
Det seier dagleg leiar i Blinkfestivalen, Odd Langhelle.
– Blei premiane bestemt etter at de hadde startlistene klare?
– Nei, på ingen måte. Det var for å få dette til å gå i hop. Alternativet var å nekte damene å gå. Det synest me blei litt dumt.
Låge premiepengar må ta sin del av skulda
Øyre Slind tok kontakt med Langhelle rett etter premiepengane blei offentleggjorde. Då hevdar ho at ho fekk eit litt anna svar.
– Då sa han at dei ikkje kom til å gjere noko i år, då ingen landslagslagsutøvarar skulle vere med, og alt var allereie bestemt med forbundet.
Norgren vann samanlagtcupen for kvinner i Ski Classics i vinter, og vann også Blink Classics i ein elles tunn dameklasse.
Berre fire kvinner fullførte langløpet, som er 60 kilometer langt. Norgren meiner at dei låge premiepengane må ta sin del av skulda.
– Vil ein ha fleire med, må ein gje større premiar. Det er difor mange herrar kjem.