Først øydela han kjelken berre nokre få dagar før han skulle reise til Vancouver. Indisk kjelkesport er ikkje av dei rikaste, derfor hadde verken Keshavan sjølv eller det indiske akeforbundet råd til ein ny kjelke.
Men når nauda er størst, er hjelpa ofte nærmast. Fem idrettsinteresserte advokatar samla inn 450.000 rupier (rundt 90.000 kroner) til ny kjelke til Keshavan.
Då var han klar for avreise til Canada. Han skulle berre ein tur til legen først. Og legen oppdaga noko: Shiva Keshavan hadde ein brist i ryggen.
- Du må ikkje finne på å konkurrere i OL med ein slik skade. Det er farleg, sa legen.
- Eg fortalde han at eg har trena for dette i fire år, og at eg gjer det som må gjerast for å få delta i Vancouver, sa Keshavan, som likevel måtte gå med korsett til for nokre få dagar sidan.
Men onsdag var 28-åringen klar for si første trening. Med 140 km i timen levde han opp til tittelen "Indias raskaste mann" - sannsynlegvis til legens fortviling.
- Det var godt. Eg har mista tre veker med trening, det er berre dei siste dagane eg har klart å gjere nokre enkle treningsøvingar, sa han.
Ake-sporten i India er ikkje stor, men Shiva Keshavan er optimist med tanke på framtida. I juli i fjor deltok han som instrutør for 50 barn på ein leir som det indiske akeforbundet arrangerte i Himalaya. Det gjer Keshavan optimistisk.
- Om fire år stiller vi med eit sterkt lag, seier han.