Siste nytt

  • Superduoen til semifinale

    Anders Mol og Christian Sørum er klare for semifinale i verdsserieturneringa i sandvolleyball i mexicanske Cancun etter 2-0-siger over Arthur/Guto måndag.

    Etter å ha vunne innleiinga av turneringa, sparte ikkje den norske superduoen på noko i kvartfinalen. Dei vann til slutt med settsifra 21-14 og 21-14.

    Dermed skal duoen til semifinale som blir spela natt til tysdag. Der møter dei den tsjekkiske duoen Perusic/Schweiner som slo russiske Semenov/Leshukov 2-1.

    Turneringa er den første nordmennene spelar på halvanna år. Mol har slite med skade i fleire månader.

    Anders Mol og Christian Sørum
    Foto: Alejandro Gutiérrez Mora / Fivb / NTB
  • Klopp: - Eg har ikkje endra meining

    Liverpool-manager Jürgen Klopp er klar på at han framleis ikkje er tilhengar av planane om ein ny europeisk superliga i fotball.

    Det sa tyskaren då han blei intervjua av Sky Sports før Premier League-møtet med Leeds.

    Klopp har tidlegare uttrykt skepsis mot planane om ein lukka europeisk superliga.

    – Eg har ikkje endra meining. Eg høyrde om dette for første gong i går. Vi har fått litt informasjon, men ikkje mykje, for å være ærleg. Det er mest det ein meir eller mindre kan lese om i aviser, sa Klopp før kampen måndag.

    – Vi har ikkje vore involvert i nokon prosessar, verken eg eller spelarane. Vi visste ikkje om det. No er fakta ute, så får vi sjå korleis det utviklar seg, sa Klopp.

    Jürgen Klopp
    Foto: Lee Smith / Reuters
  • Handball-sluttspelet er avlyst

    Handballen kuttar sluttspelet i eliteserien, på grunn av korona-restriksjonanen.

    Forbundet håpar å avslutte sesongen med ein finalekamp mellom Vipers og Storhamar i kvinneklassen i løpet av mai. Forbundet håper også å kunne avvikle cupfinalen mellom Vipers og Sola.

    I klassen for menn blir sluttspelet heilt avlyst. Der håpar forbundet å kunne avvikle tre kvalifiseringskampar om opprykk.

    I begge klassene blir det 14 klubbar neste sesong.

    Vipers Henny Ella Reistad under eliteseriekampen i håndball mellom Vipers Kristiansand og Storhamar Håndball Elite.
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB Scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal