Sander Berge må få ny sjef

Sheffield United kvittar seg manager Slavisa Jokanovic, melder Sky Sports. Laget med Sander Berge i stallen ligg på nedre tabellhalvdel i meisterskapsserien.

Jokanovic overtok treneransvaret frå Chris Wilder etter nedrykket frå Premier League i mai. Sky Sports og fleire andre britiske medium skriv torsdag at serbaren alt no er ferdig i jobben.

Sheffield United er på 16.-plass på nivå to i engelsk fotball. Sander Berge har starta fem kampar og hatt eitt innhopp denne sesongen.

Sender Berge
Foto: Rui Vieira / AP

Sportsnyheter

Messi fikk Gullballen for sjuende gang: – Det er utrolig å være her i kveld

Gullballen gikk til Lionel Messi. Superstjernen sikret sin sjuende Ballon d'Or under mandagens prisutdeling. Ingen har vunnet prisen oftere enn argentineren.

Siste nytt

  • Publikumsavgrensing under VM

    Arrangøren satsar på opp til 80 prosent av tilskodarkapasiteten under handball-VM.

    – 80 prosent, svarer VMs pressesjef José Antonio Hurtado på NTBs spørsmål om kor mange som slepp inn på tribunane.

    Det kan komme til å endre seg. Styresmaktene i Valencia-regionen (der Noreg skal spele) vedtok måndag å påleggje koronapass-sjekk mellom anna for besøk i barar og restaurantar, kino og konsertar. Det er venta at også idrettsarrangement vil falle inn under same protokoll.

    Koronapass-kravet vil truleg gjelde frå slutten av denne veka.

    Noreg spelar puljespel og hovudrunde (totalt seks kampar) i Castellón. Der vil det maksimalt kunne komme inn 4100 tilskodarar så lenge 80-prosentprinsippet gjeld.

    Håndballpublikum
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Svensk sensasjon tapte VM-finalen

    19 år gamle Truls Möregårdh måtte gi tapt for verdenseinaren Fan Zhendong frå Kina i finalen i bordtennis-VM.

    Svensken leidde i fleire av setta, men kinesaren kom tilbake kvar gong og vann. Settsifra blei til slutt 11-6, 11-9, 11-7, 11–8.

    – Eg tapte ikkje eit gull, eg vann eit sølv, sa Möregårdh til SVT Sport.

    Før VM var svensken rangert som den 77. beste spelaren i verda. Han tok seg til sin første seniorfinale ved å slå den tyske veteranen Timo Boll i semifinalen.

    Truls Möregårdh
    Foto: Tim Warner / AFP
  • Woods gir seg som heiltids-golfar

    Tiger Woods ser bort frå at han nokon gong kjem tilbake som profesjonell golfspelar på heiltid. Skadane som han pådrog seg i ulykka i februar, er for omfattande.

    Woods meiner han kan bli bra nok igjen til å kunne spele på eit høgt nivå, men ikkje på fulltid og berre utvalde turneringar, seier han i eit intervju med Golf Digest.

    I februar køyrde golfstjernen av vegen i Los Angeles i høg fart, bilen rulla rundt fleire gonger, og Woods fekk omfattande skader i høgre bein.

    Før ulykka spelte Woods allereie færre turneringar på grunn av fleire operasjonar i ryggen og kneet.

    Golfstjerna har vunne 82 titlar i PGA-touren, og er på ein delt førsteplass på listen over spelarar med flest sigrar.

    Tiger Woods
    Foto: KEVIN C. COX / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal