– Me har lyst til å lage ein meisterliga på berekraft, der alle lag i verda kan vere med å konkurrere om kven som er best, seier Thorsby.
Morten Thorsby har verkeleg levert på fotballbanen for italienske Sampdoria denne sesongen, men engasjementet hans i klimakampen er minst like stort som på fotballbanen.
– Me har 10 år som blir heilt avgjerande for korleis me kjem til å løyse klima- og miljøproblema. Me har venta i 30 år på å gjere noko, no byrjar det å skje masse, men må me verkeleg få opp dampen, seier han til NRK.
Les også:
– Skal skape inspirasjon
Thorsby er mannen bak den ideelle organisasjonen We play green. Målet der er å skape bevisstgjering rundt klima- og miljøproblema.
Men han vil også starte ein eigen «berekraft-liga». Der kan alle lag vere med. Men her handlar det ikkje om fotball eller det sportslege, men om klimautslepp. Enkelt forklart: Jo større reduksjon i utsleppa, dess fleire poeng får dei.
Kvar enkelt klubb får også hjelp av ein konsulent til å lage konkrete klimatiltak. Greier ein å gjennomføre disse, gir det poeng.
– Det er konkurranseaspektet idretten lever av, og me har lyst til å skape ein sunn og morosam konkurranse, som både aukar bevisstgjeringa i fotballen og skapar inspirasjon til å endre seg, seier Thorsby.
Med på laget har dei fått KPMG, som er eit av verdas største revisjons- og rådgivingsselskap. Dei skal hjelpe til med å måle kor mykje klimautslepp klubbane som er med i ligaen har.
– Eg ønsker at dette skal skape inspirasjon for klubbane til å bli betre på berekraft.
– Har alltid prata om det her
We play green har allereie fått ambassadørar. Mats Møller Dæhli, Emil Bohinen og Sondre Rossbach er blant dei som støttar organisasjonen.
– Miljøet er det me skal leve i og med kvar dag. Me må ta vare på kloden vår og akkurat no gjer me ikkje det på ein god nok måte. Me som fotballspelarar og fotballklubbane og heile fotballfamilien kan ta mykje større del av ansvaret i den kampen, seier Rossbach til NRK.
Odd-keeperen har spelt på juniorlandslag med Thorsby sidan dei var 15 år, og han fortel at initiativtakaren har vore engasjert i klimakampen lenge.
– Han har alltid prata om det her. Det er nok ikkje så mange fotballspelarar som er som Morten Thorsby. Veldig mange har fokus på eigen karriere og bli betre, men Morten tenker på noko som er større enn seg sjølv, seier Rossbach.
– Me er det motsette av superligaen
Odds ballklubb er den første klubben som er med, som eit pilotprosjekt.
Planen er ifølge Thorsby at berekraft-ligaen skal starte i 2022. Han har trua på at prosjektet kan bidra til å løyse klimaproblema.
– Fotballen har verdien at den når ut til enormt mange menneske og den kan vere ein pådrivar til å løyse desse problema. Det har den vist tidlegare at den kan vere i andre samanhengar, i rasismekampen og kampen for likare rettigheiter for kvinner, og i mange andre ting har fotballen fungert som ein verdiberar, og det meiner eg den må vere i klima- og miljøkampen også, fortel Thorsby.
Han er ikkje aleine om å ha forsøkt å starte ein liga den siste tida. Tolv klubbar forsøkte å starte ein eksklusiv superliga, men den falt fort saman.
– Me er det motsette av superligaen, fortel Thorsby engasjert.