– Premieren i Gällivare vinn eg. Det er jo så jævla deilig å vinne på bortebane. Hmmm... Her skal eg vinne. Her også.
Skistjerna Petter Northug nærmar seg ein ny sesong med stormskritt.
Etter fiaskosesongen i fjor, der han nok ein gang tapte kampen om Tour de Ski-troféet, og måtte melde forfall til sesongens store langløp-mål, Vasaloppet, har nordmennen styrka revansjesuget.
At Northug har lyst til å slå tilbake har også Expressen fått merke.
På landslagssamlinga i Livigno i Italia ba den svenske avisa nordmannen om å krysse ut kva verdscuprenn han skal vinne den kommande sesongen.
– I Sverige skal eg vinne alle konkurransar. Det er nesten det viktigaste, seier Northug til avisa.
Forventar tre gull i VM
I tillegg til premieren i nemnde Gällivare, peikar han ut Tour de Ski, verdscupen i Kuusamo og Stockholm/Falun som dei viktigaste konkurransane å triumfere i.
Totalt har han mål om å vinne sju verdscuprenn.
– Får eg notere kor mange VM-gull eg skal ta også?, spør Northug journalisten frå Expressen.
– Tre gull, tenkte eg. Femmila, tremila og stafetten, held Northug fram.
Bryr seg ikkje om gode testresultat
«Mosvika-hurtigtoget» har med andre ord høge ambisjonar, og forventar å revansjere nedturane frå i fjor - i eit kanskje endå hardare program enn han hadde i førre sesong.
Då kjem det gjerne godt med at kondisjonstestane hans er betre enn nokon sinne.
Men sjølv om testane er på rekordnivå, legg ikkje langrennsløparen mykje vekt på det.
– Kven bryr seg om testar om ein ikkje går fort på vinteren? Eg har testa greit, men eg er litt sånn at testar ser eg på som stempling for at kroppen fungerer. Det viktigste er at ein går fort når ein får startnummeret på brystet, sa nordmannen då NRK møtte han i Italia.
Og fort må det først og fremst gå når Tour de Ski går av stabelen i slutten av desember.
– Eg må kvitte meg med ei dårlege dagane, og ikkje gjøre feil undervegs. Akkurat korleis veit eg ikkje, men eg skal prøve å gjøre alt riktig i førebuingane, seier Northug til NRK.
Petter Northug til Expressen om...
VM i Val di Fiemme 2013
– Eg tenker at VM og Tour de Ski er like viktige i vinter. Til VM er eg mest nysgjerrig på kva for ein svenske eg må hamle opp med på stafetten. Hellner er jo ikkje god nok til å gå sisteetappen
OL i Sotsji 2014
– VM i vinter blir kult, men eigentleg er OL i 2014 det verkeleg interessante. Då skal Sverige prøve å forsvare OL-gullet på stafetten. Då blir det jævla viktig for oss å sjå at dei mislukkast.